Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa gjere ein ny gjennomgang av kva uheldige konsekvensar den nye vaksinestratregien vil kunne få for turistkommunar og andre distriktskommunar, og vil regjeringa vurdere å vaksinere risikogrupper i alle aldersgrupper før ein omfordeler vaksiner geografisk, og kan statsråden garantere at ny strategi ikkje forseinkar tidspunktet for kor tid heile befolkninga blir fullvaksinert – og at regjeringa sørger for at kommunar som treng det, får hjelp til massevaksinasjon i fellesferien, og kan statsråden til slutt garantere at kommunikasjonen med kommunelegane for framtida skjer direkte og ikkje via pressekonferansar og gjennom media , slik statsråden tidlegare har lova?
Begrunnelse
Kommuneoverlegar i Vestland fylke har sendt brev til helse- og omsorgsdepartementet med fleire, der dei tek til orde for å endre vaksinestrategien om geografisk omfordeling av vaksiner. Kommuneoverlegane er bekymra for stadige endringar i vaksinestrategien med korte fristar og mangelfull informasjonsflyt til kommuneoverlegane. Dei opplever fortsatt at arbeidsoppdraget deira blir formidla via media/pressekonferansarr, trass i at statsråd Høie har lova at kommunikasjonen til kommuneoverlegane ikkje lenger skulle skje på denne måten. Kommunane har planlagt for auka vaksineleveransar i mai og juni, og har tilsett personell for å klare dette. Dei viser til at bemanninga i fellesferien allereie er fullt utnytta. Kommuneoverlegane fryktar at situasjonen vil føre til at ein må kassere vaksinedosar i juli månad. Kommuneoverlegane opplever at sentrale myndigheiter har manglande forståing for det arbeidet som kommunane allereie har lagt ned for å kunne gjennomføre vaksinasjonen.
Spørsmålsstillar viser til at ein viktig føresetnad for at vaskinasjonsstrategien skulle endrast med geografisk omfordeling, var at det blei sikra at kommunane som får færre dosar i juni og i starten av juli, har kapasitet til å ta dette att i siste del av juli. Regjeringa har sjølv sagt at dersom regjeringa skal endre vaksinefordelinga, må det først vere tryggleik for at dette ikkje fører til ei forsinking av når heile befolkninga er vaksinert. Tilbakemeldinga fra kommuneoverlegar i distirktskommunar i Vestland og andre fylke, tyder på at det per i dag ikkje er tryggleik for dette. Spørsmålstillar viser også til at mange undrar seg over at personar med auka risiko, slik som underliggjande sjukdomar, ikkje blir vaksinert likt over heile landet, før ein omfordeler vaksiner til der smittetrykket er størst. I mange typiske turistkommunar er det og ein bekymring for konsekvensane ei omfordeling av vaksiner vil ha for dei, og om dette er vurdert av helsemyndigheitene.