Skriftlig spørsmål fra Else-May Norderhus (A) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:2222 (2020-2021)
Innlevert: 18.05.2021
Sendt: 19.05.2021
Rette vedkommende: Klima- og miljøministeren
Besvart: 28.05.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Else-May Norderhus (A)

Spørsmål

Else-May Norderhus (A): Når vil regjeringen legge frem et forslag til matkastelov for Stortinget slik Stortinget har bedt om, og hvis ikke, når har regjeringen tenkt å orientere Stortinget om dette?

Begrunnelse

Det har gått mer enn tre år siden Stortinget vedtok følgende:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og matvarebransjen. Loven bør omfatte påbud om å donere all spiselig overskuddsmat til veldedige formål og sekundært til dyrefôr, samt påbud om å offentliggjøre nøkkeltall knyttet til matsvinn og reduksjon av matsvinn.»

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Det blir anteke at om lag ein tredel av all mat som produserast i verda blir øydelagt eller kasta. Globalt sett bidrar matsvinn til nesten ti prosent av de totale menneskeskapte klimagassutsleppa. Matkjeda står samla sett for eit betydeleg press på ressursar og natur, og samtidig som ein stor mengd mat vart kasta, er svolt eit utbreidd problem i verda.
Noreg har forplikta seg til å følgja opp FNs berekraftsmål. Delmål 12.3 handlar om at det globale matsvinnet skal halverast innan 2030. Norske myndigheiter har i fleire år samarbeidd med matbransjen om å redusera matsvinn gjennom arbeidet under "Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn" frå 2017. Avtala har same mål som stillast i FN, med delmål for 2020 og 2025.
Stortinget vedtok i 2018 å be regjeringa fremme forslag til ei matkastelov i samband med Stortinget si handsaming av Meld. St. 45 (2016-2017). På dette tidspunktet var det ikkje enda klart korleis bransjeavtala ville fungera, og det ble vurdert som uheldig å innføre ny lovgiving utan at vi hadde vunne erfaringar med om avtala gav de ønskte reduksjonane. Erfaring dei siste åra viser at bransjeavtala har gitt gode resultat og vi ser ut til å nå delmålet for 2020 på 15 prosent reduksjon. Tala for 2020 vil vere klare hausten 2021.
Regjeringa arbeider med oppfølging av oppmodingsvedtaket om ei matkastelov, og eg ser det som viktig at ei matkastelovgiving vil utfylla bransjeavtala, og at lovgiving og bransjeavtala gjensidig kan understøtta kvarandre. Det er difor viktig at ei slik lovgiving vert innretta slik at ho gir meirverdi til det pågåande arbeidet mot matsvinn, og at vi ikkje lagar ei lov som skader samarbeidet med næringslivet.