Skriftlig spørsmål fra Runar Sjåstad (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2200 (2020-2021)
Innlevert: 12.05.2021
Sendt: 14.05.2021
Besvart: 21.05.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Runar Sjåstad (A)

Spørsmål

Runar Sjåstad (A): Hvilke regler gjelder for fiske i marine verneområder langs norskekysten og kan internasjonale regler og forpliktelser overprøve norske verneregler?

Begrunnelse

9. april i år la Klima- og miljødepartementet frem stortingsmelding 29 (2020 - 2021) "Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige områder for marin natur".
Denne planen bygger videre på marin verneplan fra 2004 hvor totalt 36 områder ble foreslått vernet.
Norge har via konvensjonen om biologisk mangfold (CBD) forpliktet seg til å verne 10 % av sine kyst og havområder innen 2020. Denne forpliktelsen er ennå ikke oppfylt.
Norge har internasjonale forpliktelser for marint vern, og dette skal vi ta på alvor. Det er samtidig viktig å ha et helhetlig fokus på hvilke konsekvenser vernetiltak kan få for lokal næringsaktivitet og bosetting vektet opp mot internasjonale forpliktelser.
I forarbeidet til vedtatte verneplaner og planer under utarbeiding har det blitt gitt inntrykk av at marint vern ikke vil påvirke fiskernes rett til å fiske i områdene. Dette har både vi som politikere, næringsaktører og innbyggerne i de berørte områdene stolt på.
13. april i år var det en reportasje i NRK med overskriften "Norge sier havet er vernet samtidig pågår det utbredt fiske".
Havforskningsinstituttet sier Norge feilrapporterer til FN om aktiviteten i verneområdene, og at fiske med garn og trål i flere av de vernede havområdene er stikk i strid med internasjonale standarder for havvern.
Fiskeriaktivitet i Norsk økonomisk sone reguleres av Havressursloven, men det er den siste tiden knyttet usikkerhet opp mot hvordan dette vektes i forhold til marint vern og internasjonale avtaler.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Regjeringa la 9. april 2021 fram Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur. Meldinga følgjer opp Stortingets oppmodingsvedtak frå 2016 og 2017, der Stortinget ber om ein heilskapleg nasjonal plan for marine verneområde.
Noreg har oppretta verneområde til havs etter naturmangfaldlova, svalbardmiljølova, lov om Jan Mayen og bilandslova, jf. nærare omtala i stortingsmeldinga. Forholdet til fiskeriverksemd er vurdert og regulert i alle desse områda med marint vern. Utgangspunktet er at verneføremålet og verneverdiane – altså dei verdiane vi vil ta vare på, er styrande for kva for aktiviteter som kan tillatast i områda. Verneverdiane er ofte knytt til havbotnen. Vanleg fiske i vassøyla vil difor normalt vere tillaten, samstundes som til dømes bruk av botntrål kan vere forboden i heile eller delar av områda. Reguleringane i verneforskriftene må også sjåast i samanheng med tiltak som er fastsett etter havressurslova, som forbyr botntrål innanfor store område både innanfor territorialgrensa og på djuphavet.
I norske marine verneområde er det norske reglar som gjeld. Det at Noreg har slutta seg til og vil bidra i gjennomføringa av internasjonale mål, inneber ikkje at desse kan overstyre norske reglar. Eg vurderer det heller ikkje slik at det er nokon motstrid mellom norske og internasjonale reglar knytt til dette.
Viktige internasjonale mål i denne samanhengen er mellom anna Aichi-måla under Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) og Verdsmåla for ei berekraftig utvikling (berekraftsmåla). Noreg rapporterer også i ulike samanhengar internasjonalt om vårt arbeid med marint vern og anna bevaring. Mellom anna rapporterer vi med nokre års mellomrom til CBD om korleis vi nasjonalt bidrar til å oppfylle dei felles måla.
Eg er kjend med at ei gruppe forskarar ved Havforskingsinstituttet (HI) i ein rapport frå 15. mars 2021 stiller spørsmål ved om rapporteringa av marint vern i internasjonal samanheng i alle tilfelle er riktig, og at dette også er spørsmål som i etterkant har vore drøfta i media. Forskarane peiker mellom anna på forholdet til veileiande kriterium knytt til ulike vernekategoriar som er utarbeida av Verdas naturvernunion (IUCN). Desse kriteria blir mellom anna brukt ved rapportering til Det europeiske miljøbyrået (EEA). I stortingsmeldinga har regjeringa varsla ein ny og meir systematisk tilnærming til korleis Noreg rapporterer i tråd med internasjonale mål. Kritikken frå forskarane ved HI er noko vi vil vurdere som ein del av dette arbeidet.