Skriftlig spørsmål fra Tuva Moflag (A) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:2092 (2020-2021)
Innlevert: 02.05.2021
Sendt: 03.05.2021
Besvart: 12.05.2021 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Tuva Moflag (A)

Spørsmål

Tuva Moflag (A): Hva er status på oppfølgingen av vedtaket om at far skal få være med på mer av svangerskapsoppfølgingen og i fødsels- og barseltiden, ved henholdsvis kvinneklinikken i Bergen og andre sykehus?

Begrunnelse

Bergens Tidene skriver om en rekke vordende fedre som er henvist til parkeringsplassen mens deres partner er inne på sykehuset i forbindelse med undersøkelser, eller etter vannavgang som det fremkommer i et av tilfellene. Stortinget har bestemt at sykehusene og fødeavdelingene skal legge bedre til rette for at far og medmor skal få være med på mer av oppfølgingen under svangerskap, fødsel og barseltid.

Bent Høie (H)

Svar

Bent Høie: Når det gjelder status for oppfølging av Stortingets vedtak viser jeg til mitt svar på skriftlig spørsmål fra representantene Sigbjørn Gjelsvik (spm. 1459) og Åshild Bruun-Gundersen (spm. 1660) med tilsvarende spørsmålsstilling.
Jeg fått har fått følgende tilbakemelding om status ved Helse Bergen fra Helse Vest:

«Ved Kvinneklinikken på Haukelandsområdet og på Fødeavdelinga ved Voss sjukehus i Helse Bergen kan partnar vere med frå den fødande blir lagt inn på sjukehuset med rier og fram til fødselen er over. Det har vore praksis under heile pandemien. Ingen av kvinnene som skal føde hos oss, skal vere redde for å føde åleine. Den same personen som er med under fødselen får også kome i den avtalte visittida på barsel.
Kvinneklinikken på Haukelandsområdet har særskilte utfordringar. Kvinneklinikken heldt til i eit snart 100 år gamalt hus. Fram til det nye sjukehuset for barn, unge og kvinner i Glasblokkene står klart i 2023, har vi ikkje optimale fysiske forhold. Det gamle bygget er ikkje laga for eller utstyrt for å kunne praktisere godt nok smittevern med mange til stades samtidig.
Dersom ei kvinne blir lagt inn hos oss utan å vere i fødsel, som ved planlagd igangsetjing av fødsel eller at vatnet har gått utan at fødselsriene har starta, må ho som oftast liggje på eit rom med tre til fire andre kvinner. I denne fasen av fødselen har vi ikkje moglegheit til å tilby partnar å vere med fordi vi ikkje klarar å oppretthalde anbefalt avstand. I det kvinna får rier blir ho flytta til ei fødestove og frå då av kan partnar vere til stades fram til timar etter at barnet er fødd.
I mai 2021 er planen vår å opne opp for at partnar igjen kan vere med på polikliniske undersøkingar frå veke 20. Samstundes går vi tilbake til ordinære barselbesøksreglar, som før pandemien.
For å gjennomføre ultralydundersøkingar må vi som behandlarar vere fysisk nærmare enn det som er anbefalingane. Fordi partnar frå mars 2020 fram til mai 2021 som hovudregel ikkje har fått vere med, har vi lagt til rette for at partnar kan vere med på deler av konsultasjonen via videotelefon. Når vi no opnar meir opp vil partnar kunne bli med på ultralyd og anna oppfølging i svangerskapet.»