Skriftlig spørsmål fra Heidi Greni (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1974 (2020-2021)
Innlevert: 20.04.2021
Sendt: 21.04.2021
Besvart: 30.04.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Heidi Greni (Sp)

Spørsmål

Heidi Greni (Sp): Mener statsråden at saksbehandlingstiden på 590 dager for skadefelling tjener hensikten skadefelling skal ha, og er statsråden enig i at saker som dette vil svekke lokalbefolkningens tillit til departementets rolle i rovviltforvaltningen?

Begrunnelse

Sommeren og høsten 2019 herjet ei bjørnebinne saueflokkene i Grong og Namsskogan. Det ble sendt inn søknader om skadefelling, men Klima- og miljødepartementet ga avslag. Avslaget ble anket, først nå har kommunen fått endelig svar på den siste anken, 590 dager etter at den ble sendt inn. Binna det er snakk om i denne anken ble derimot skutt under skadefelling sist sommer, noe som departementet tilsynelatende ikke har fått med seg. Innbyggerne i kommunen føler seg oversett.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Vedtak knytt til skadefelling vil og bør som regel bli handsama raskt, då det er eit sentralt element ved slike saker. Eg har difor stor forståing for at det vert stilt spørsmål ved den lange saksbehandlingstida i denne saka. Klagen burde openbert blitt avgjort tidlegare. Det var ulike grunnar til at det ikkje skjedde. For det fyrste var saka ikkje so aktuell på det tidspunktet klagen kom til departementet, då beitesesongen var nær avslutta. Skadepotensialet, og dermed behovet for ei rask avgjerd, var derfor redusert. For det andre søkte at departementet over ein lengre periode å finne ei meir permanent og langsiktig løysing i saka.
Eg viser til at både eg, departementet eg leier, Miljødirektoratet og Statsforvaltaren i Trøndelag har over lang tid vore tett på skadesituasjonen som har vore med bjørn og sau i delar av Namdalen. I slutten av juli 2019 behandla Klima- og miljødepartementet ei klage frå Grong, Høylandet og Namsskogan kommunar på Miljødirektoratet sitt avslag om skadefelling av ei binne med tre ungar. Departementet opprettheldt Miljødirektoratet sitt avslag. I august 2019 søkte Grong kommune på nytt om løyve om skadefelling av den same binna med tre ungar. Miljødirektoratet handsama søknaden og gav eit nytt avslag på søknaden om skadefelling. Grong kommune klaga på avslaget, og 24. september 2019 fekk departementet klagen for vidare behandling. Vedtaket, som er bakgrunnen for representanten sitt spørsmål, blei fatta no i vår.
Vidare var det tidleg i 2020 dialog om situasjonen med bjørn og sau i Namdalen mellom kommunane, Statsforvaltaren i Trøndelag og dei aktuelle gardbrukarane. Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet hadde òg tett oppfølging av denne saka. Det vart mellom anna helde møte mellom politisk leiing i departementet og politisk leiing i Grong og Namsskogan kommunar. Den aktuelle binna med tre ungar hadde sitt leveområde både innanfor og utanfor bjørneprioritert område. Bestanden ligg under bestandsmålet for bjørn nasjonalt, og i 2019 låg bestanden under bestandsmålet for bjørn i rovviltregion 6 (Trøndelag og Møre og Romsdal). Om vi skal kunne nå det fastsette bestandsmålet for bjørn er det viktig å ta vare på produktive binner.
Gjennom dialog søkte vi utover våren 2020 å finne ei løysing på ein vanskeleg situasjon. Eg viser her til at min statssekretær var på synfaring til Namdalen juni 2020 Det vart slått fast at denne aktuelle binna frå hausten i 2019 hadde overvintra og hatt hi inne i bjørneprioritert område. Samtidig var det kjent at binna òg hadde leveområde i beiteprioritert område vest for E6. Sommaren 2020 behandla Klima- og miljødepartementet ei klage på Fylkesmannen i Trøndelag sitt avslag på søknad frå Grong kommune om å få felle bjørn som gjorde skade på sau i Grong og Høylandet kommunar. Normalt er Miljødirektoratet klageinstans på Fylkesmannen (no Statsforvaltaren) sine vedtak, men departementet valte å hente inn klagen for å handsame den. Klima- og miljødepartementet fatta vedtak om at to bjørnar kunne bli felt ved skadefelling, men at binne med ungar ikkje skulle inngå i skadefellingsløyvet. Kort tid etter at skadefellingsløyve vart gitt vart to bjørnar felt. Deriblant den aktuelle binna. Dei som kjenner saka veit at det har vore ei tett oppfølging av denne saka. Dette viser at ein lokalt kan ha tillit til rovviltforvaltninga.