Geir Pollestad (Sp): I arbeidet med å halde nede koronapandemien kan det sjå ut som om ei restriktiv haldning til breddefotball og anna breddeidrett er blitt ein symbolsak for å vise at regjeringa er strenge.
Kva korona-reglar gjeld for fotball på ulike nivå i Noreg, Sverige, Island, Danmark og Finland?
Begrunnelse
No opnar skjenkinga i landet att. Det er viktig å ikkje halde næringslivet stengt lengre enn naudsynt. Samstundes kan det sjå ut som om breddefotball og anna breddeidrett for vaksne er eit symbol på ein restriktiv politikk. I fjor drog folk på ferie i utlandet - medan unge vaksne ikkje fekk spela fotballkamp i Noreg.
Fotball for vaksne er og viktig for satsinga på fotball for barn og unge. Både er dei førebilete for dei yngre i sine klubbar og for mange si talentutvikling er det å spela fotball på seniornivå ein viktig del av karrierevegen.
Kampsituasjon er i liten grad ein arena for å spreie viruset.