Liv Signe Navarsete (Sp): Har styresmaktene i Noreg oversyn over investeringar, oppkjøp og andre transaksjonar frå ikkje-allierte land som på kort eller lang sikt kan gje oss sikkerheitsutfordringar, og dersom svaret er nei, vil regjeringa ta initiativ til at eit slikt arbeid vert gjort?
Begrunnelse
I A-magasinet 16. april kan ein lese at det har vore stor vekst i kinesiske investeringar og oppkjøp i Noreg. I same artikkel går det fram at det ikkje finst noko oversyn over oppkjøp og investeringar i Noreg og at det ligg utanfor PST sitt mandat å hente inn desse opplysningane. Det kan vere vel og bra i høve mange typar forretningar, Noreg har ein open økonomi og ynskjer vanlegvis investeringar i landet velkommen. Det stiller seg annleis at styresmaktene ikkje har oversyn over transaksjonar som kan gje sikkerheitspolitiske utfordringar, jamfør saka om sal av Bergen Engines.