Skriftlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1930 (2020-2021)
Innlevert: 15.04.2021
Sendt: 16.04.2021
Rette vedkommende: Næringsministeren
Besvart: 29.04.2021 av næringsminister Iselin Nybø

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Vil statsråden vurdere endringar i brukthandelslova eller brukthandelsforskrifta som kan gjere det enklare for bruktbutikkar å omsette varer med liten salsverdi, f.eks. i samband med den varsla strategien for sirkulær økonomi eller i andre politiske prosessar med mål om meir gjennbruk?

Begrunnelse

I Firda Tidend kjem det fram eit tilfelle med gjennbruksbutikken Upscale på Sandane. Der gjer registreringsplikta og krav å at ein ikkje kan ta i mot varer frå personar under 18 år det vanskeleg å til så mykje gjennbruk som det er potensiale for, sidan registrering er ressurskrevjande, at det tar tid og at ein ikkje kan ta i mot varer frå alle i hybelmijløet.
Regjeringa har hatt eit forslag på høyring om å oppheve brukthandellova og har sett i gang viktige prosessar som kan sikre ein meir sirkulær økonomi. Vil spørsmålet om aldersgrensa og produkt med låg salsverdi bli vurdert i samband med dette eller andre relevante prosessar.

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: I 2019 gjennomførte regjeringa ei høyring, kor det ble foreslått å oppheve brukthandellova. Bakgrunnen for forslaget var at regelverket i stor grad tar utgangspunkt i at brukthandelverksemd foregår i fysiske butikker, og i liten grad tar hensyn til den digitale utviklingen i brukthandelmarkedet som har skjedd de seinere åra.
Departementet har mottatt mange høyringssvar. Nokre er positive til forslaget mens andre har vektige argumenter mot oppheving av lova. Høyringsinnspela peiker blant annet på utfordringar for områder som bruktbil og verdifulle kunst- og kulturgjenstander.
Det videre arbeidet med å forenkle og forbetre regelverket etter høyringa stoppet opp i 2020 fordi departementet måtte omprioritere ressursar til arbeidet med kompensasjons- og støtteordningar for å hjelpe næringslivet gjennom Covid19-pandemien. Arbeidet vil starte opp igjen når det er mogleg. Innspel som de vi har mottatt frå bedrifter som Upscale vil ta bli tatt med i vurderingane av kva for endringar vi bør foreslå i regelverket for brukthandelverksemd.