Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1810 (2020-2021)
Innlevert: 26.03.2021
Sendt: 06.04.2021
Besvart: 13.04.2021 av utenriksminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva gjer den norske regjeringa for å påverke den stadig forverra situasjonen for menneskerettar i Bahrain og er det i dag eit fellesskandinavisk initiativ for å hjelpe dei fengsla skandinaviske aktivistane?

Begrunnelse

Situasjonen i Bahrain har sitt ei negativ utvikling sidan 2011. Ein har vore vitne til ei stor svekking av menneskerettar. Opposisjonsparti er suspendert, media er ikkje lengre uavhengig, innbyggjarar vert fengsla for å delta i fredlege protestar og dødsstraff vert stadig meir utbredt. Bahrain er eit rikt land og har mykje olje så levestandaren er høgare enn i mange andre land i regionen. Samstundes ser ein utstrakt bruk av statleg diskriminering av ulike grupper. Landet har eit godt forhold til mange vestlege land og særskilt USA og Storbritannia.
To skandinaviske aktivistar, ein svensk-bahrainsk og ein dansk-bahrainsk sit i dag fengsla i Bahrain for å ha deltatt på fredlege prostestar i 2011. Mohammad Habib Al-Muqdad og Abdulhadi Al-Khawaja har vorte utsatt for omfattande tortur i fengsel. Dei sit fortsatt fengsla for å ha nytta ytringsfridommen sin.

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Vi er opptekne av situasjonen for menneskerettar i Bahrain, og har hatt eit særlig fokus på situasjonen for forsvararar av menneskerettar. Mange aktivistar er fengsla i Bahrain. Dette er urovekkjande. Situasjonen for dei fengsla er dessutan vanskeleg og truleg ytterlegare forverra som følgje av covid-19. Dette er dessverre situasjonen i fleire land i regionen.
Vern av forsvararar av menneskerettar er høgt prioritert av regjeringa. Vi har konsekvent oppfordra styresmaktene i Bahrain om å etterleva sine internasjonale pliktar og lauslate samvitsfangar. Vi har teke opp vår bekymring for situasjonen i Bahrain i innlegg i FNs Menneskerettsråd ei rekkje gonger dei siste åra. I den førre periodevise landhøyringa (UPR) av Bahrain i 2017 tok Noreg opp med Bahrain blant anna kva dei gjer for å beskytte forsvararar av menneskerettar. Neste UPR-høyring for Bahrain skal vere i 2022.
Vi er kjende med at ein dansk og ein svensk statsborgar er blant dei fengsla i Bahrain. Dei nordiske landa har tett kontakt om fremjing av menneskerettar internasjonalt, og Noreg held fram arbeidet saman med andre land for å bidra til at fengsla forsvararar av menneskerettar i Bahrain, og andre stadar, blir sette fri.