Liv Signe Navarsete (Sp): Kan forsvarsministeren leggje fram nedbetalingsplanen for dei nye ubåtane som etter planen skal fasast inn frå 2026, kor det vert spesifisert både total nedbetalingstid samt storleiken på dei årlege avdraga?
Begrunnelse
Forsvarsministeren opplyste den 23.03.21 at forhandlingane med det tyske verftet ThyssenKrupp Marine Systems om bygging av fire nye ubåtar er sluttført, men førebels ikkje signert. Då Stortinget godkjente kjøpet i 2017, var kostnadsramma på 41,4 milliarder kroner. Den har auka til 45 milliardar per dags dato, opplyste Forsvarsdepartementet til NTB. Kostnadsramma omfattar både ubåtane, våpenanskaffing, gjennomføringskostnadar og usikkerheitsavsetjing.