Skriftlig spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1708 (2020-2021)
Innlevert: 19.03.2021
Sendt: 19.03.2021
Besvart: 26.03.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Hvilke lovhjemler brukes for å holde tilbake informasjon om Deisjø-ulvens bevegelser, og kan statsråden opplyse om hvor Deisjø-ulven befinner seg, samt sørge for mer åpenhet i forvaltningen for å bidra til at beitenæringa kan ta forholdsregler og av hensyn til allmenhetens interesse for ulvenes bevegelser?

Begrunnelse

Deisjø-ulven ble i januar flyttet sammen med makker til Østfold. Etter dette har dette vært lite informasjon om parets bevegelser, men det er bekreftet at paret er på vei bort fra Østfold.
Nå står beitesesongen før døren. Nylig ble sau drept av ulv på beite i Østfold. Et beite som i utgangspunktet er sikret med såkalt rovdyravvisende gjerder. Det har ikke fremkommet opplysninger om hvilken ulv eller fra hvilket revir denne er fra. Slikt skaper spekulasjoner.
Venstre hevder ofte at de er et parti som slåss for åpenhet i forvaltningen.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Etter lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) er hovudregelen at forvaltninga sine saksdokument, journalar og liknande register er opne for offentleg innsyn. I tillegg har ein i utgangspunktet rett til å få miljøinformasjon frå eit offentleg organ etter miljøinformasjonslova. Det er eit viktig poeng at offentleg verksemd bør vere open og gjennomsiktig. Dette må likevel vegast mot andre viktige omsyn. Offentleglova og miljøinformasjonslova gjer difor unntak for ulike opplysningar der offentleg innsyn kan ha negative konsekvensar.
Lovheimelen for å halde tilbake informasjon om Deisjø-ulvane sine posisjonar og bevegelsar er offentleglova § 24 tredje ledd og miljøinformasjonslova § 11. Det kan bli gjort unntak frå innsyn for opplysningar når unntak er påkravd fordi innsyn ville lette gjennomføringa av straffbare handlingar. Det same gjeld opplysningar der unntak er påkravd fordi innsyn ville lette gjennomføringa av handlingar som kan skade delar av miljøet som er særleg utsette, eller som er trua av utrydding.
Ulv er ein kritisk trua art, og innavlsnivået i den sør-skandinaviske ulvebestanden er ein trussel for bestanden si overleving på sikt. Det er difor svært viktig å sikre overlevinga til genetisk verdifulle ulvar, slik som hannen i Deisjø-paret. Samstundes veit vi at ulovleg avliving er eit betydeleg problem for ulvebestanden i Sør-Skandinavia. Offentleggjering av Deisjø-ulvane sine posisjonar og bevegelsar vil lette gjennomføringa av ulovleg jakt på ulvane. Offentleggjering av opplysningane vil også lette gjennomføring av handlingar som fører til forstyrring av ulvane. Slik forstyrring kan få uheldige følgjer for overlevinga til ulvane og for mogelegheita for reproduksjon. Offentleggjering kan soleis skade ein trua art. Det er difor ikkje tvil om at det er rettsleg grunnlag for å kunne halde tilbake slike opplysningar, og eg meiner at det er riktig å gjere det i denne saka.
At forvaltninga er føreseieleg er viktig for beitenæringa og allmenta, og eg ønskjer å bidra til dette i så stor grad som mogeleg. Det blir difor vurdert fortløpande kva for opplysningar det er nødvendig å halde tilbake av omsyn til ulvane, og kva for informasjon som kan gjerast offentleg tilgjengeleg. I tillegg har forvaltninga ofte direkte kontakt med dei aktuelle beitebrukerane når det er akutte situasjonar. Til slutt kan eg opplyse at det ut frå dei data vi har om Deisjø-paret sine bevegelsar ikkje var dette paret som var årsaka til skadane på sau i Østfold nyleg.