Liv Signe Navarsete (Sp): Kva har statsråden konkret gjort for å følgje opp og halde Forsvaret ansvarleg for oppdragsløysinga knytt til kvinner, fred og sikkerheitsagendaen?
Begrunnelse
Regjeringa markerte hausten 2020 20 år sidan FN resolusjon 1325, den fyrste av dei ti resolusjonane som utgjer kvinner, fred og sikkerheitsagendaen. Noreg har hatt ein politisk ambisjon om å vere internasjonalt leiande i implementeringa av kvinner, fred og sikkerheitsagendaen sidan den fyrste nasjonale interdepartementale handlingsplanen (NAP) kom i 2005. Den har seinare vore følgd opp med 3 nye interdepartementale handlingsplanar. Desse adresserar mellom anna førebygging og vern frå overgrep, inkludert kjønnsbasert og seksualisert vald i krig og konflikt, kvinners rettmessige deltaking der avgjerder vert tatt, behovet for kjønnsperspektiv i alle delar av verksemda – internt og eksternt, kjønnsintegrering og kjønnsbalanse.
Kvinner, fred og sikkerheit er også eit av Regjeringas uttalte prioritetsområde for Noreg som medlem i FNs sikkerheitsråd. Likestilling mellom kjønna er i tillegg eit av FNs berekraftsmål og vert sitt på som ein føresetnad for å kunne nå fleire av dei andre måla.
Forsvaret har fått mange og omfattande oppdrag med bakgrunn i kvinner, fred og sikkerheitsagendaen som krev endringar i både strukturar, prosessar og kultur, både internt i organisasjonen og eksternt i operasjonar. I tillegg er Forsvaret, som statens største arbeidsgivar, forplikta til å jobbe aktivt for likestilling og ikkje-diskriminering i høve Lov om Likestilling og forbod mot diskriminering av 1. januar 2018.