Jenny Klinge (Sp): Den viktige sesongen for produksjon av grønnsaker, frukt og bær er i ferd med å begynne.
Korleis vil statsråden sikre at innreisereglane i samband med koronapandemien blir praktiserte på ein slik måte at grøntnæringa får føreseielege vilkår når det gjeld tilgangen på utanlandsk arbeidskraft som dei nyttar til produksjon av grønnsaker, frukt og bær i Noreg?
Begrunnelse
Ei rekke bønder melder frå om ulik praksis av regelverket frå politiet si side. Nokre stader blir utlendingar med papira i orden returnerte, andre stader får dei sleppe inn, og det er det er usikkerheit kring om grunngivingane som blir brukte for avslaga er i tråd med regelverket. Forvirringa er derfor stor før ein viktig sesong med produksjon av norsk grønt, frukt og bær. Politiet seier også nokre stader at dei har fått opplyst frå UDI at grøntproduksjon ikkje omfattar frukt og bær, og viser elles til ulike krav som Dette skaper ein uhaldbar situasjon og mykje usikkerheit.