Skriftlig spørsmål fra Geir Adelsten Iversen (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1613 (2020-2021)
Innlevert: 12.03.2021
Sendt: 12.03.2021
Besvart: 19.03.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Geir Adelsten Iversen (Sp)

Spørsmål

Geir Adelsten Iversen (Sp): Fiskerne langs kysten ber om at dere trekker forslaget tilbake og lytter til folk fra kysten.
Vil en sørge for at fisket med krokgarn får fortsette slik det har foregått i århundrer?

Begrunnelse

I St.prp. 32 står det IKKE at krokgarnfiske SKAL fases ut slik KLD hevder, men at det bør vurderes, det er to vesensforskjeller. Det er noen få som fangster med krokgarn og de har fått lov å fangste i 6/seks dager, og er det dårlig vær – noe det ofte er, får de ikke satt ut garn i enkelte av disse få ukene de har lov å fiske med krokgarn. Fiskerne ber om at dere trekker forslaget tilbake og lytter til folk fra kysten.
Miljødirektoratets utkast til høring datert 20.12.2019/06092020 – referansenr: 2020/12339- angående varslede innstramminger i sjølaksefiske med virkning fra 2021.
Sjølaskefiskernes hovedpoeng er at de siste 12 årene vi kontinuerlig blitt regulert, 80 % av fiskerne og 80 % av fisketidene er regulert bort og vi nærmer oss snart null-punktet, en skjult måte å regulere vekk sjølaksefisket.
Sjølaksefiskerne krever svar på hvorfor alle innstramminger ikke har gitt det det ønskede resultatet – mer laks i elv? Laksen som fiskes i elv er den fisken som skal gyte, det er kun denne fisken som går opp.
St.prp. 32 var og er ikke forutsetningen å fjerne sjølaksefisket. Sjølaksefisket er ingen trussel mot vill-laksen, fisket har vært utøvd i hundrer av år – i flere tusen år og villaksen er ikke utrydda, derfor må andre trussel-faktorer identifiseres og fjernes i tråd med St.prp. 32.
Fakta som må belyses.
Sjølaksefisket pågår blant annet både i Finland og Russland, blir regulering av fangstene i disse landene drøftet?
Grensevassdragene mot Finland; Tana–/og Neidenvassdraget hva er status her for regulering på finsk side av grensen.
Ulovlig sjølaksefiske – i likhet med det ulovlige fiske som pågikk i Barentshavet, er det lovbryterne som må tas og ikke dem som fisker lovlig.
loven gir de som bor i Finnmark fortrinnsrett til fisken i havet og i elvene. Det er ”fremmedfiskeres” beskatning som må vike gjennom strengere regulering av fisketid i elvene. Er bestanden i en elv truet, og beskatningen må redusere (les: kortere fiskesesong), må først tilreisende og turist- og sportsfiske stoppes/reduseres. Denne loven som spesifikt gjelder for Finnmark, forplikter forvaltningsmyndighetene å følge. Not er ikke noe godt alternativ for fiskere langs kysten. Det betyr at sjølakse fisket for de fleste fastboende i Finnmark er slutt.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Etter naturmangfaldlova er vi forplikta til å sikre at fisket etter villaks er berekraftig, og difor kan vi berre opne for fiske på laksebestandar som har eit haustbart overskot. I vassdraga veit vi kva bestandar det blir fiska på. I dei vassdraga kor bestandane ikkje har eit haustbart overskot blir det ikkje opna for fiske. I sjøen blir fleire bestandar blanda, og ein har ikkje kontroll på om den fisken ein drar opp høyrer til ein sterk og livskraftig bestand eller ein bestand utan haustbart overskot. I sjøen er det derfor stor risiko for å skatte små og sårbare bestandar for høgt.
For å sikre eit berekraftig fiske, blei det i St.prp. nr. 32 (2006-2007) slått fast at fisket på blanda bestandar måtte bli meir avgrensa. Det blei vist til at fisket i sjø måtte reduserast og bli heit utfasa i enkelte område, og at det ville bli naudsynt å regulere fisket i sjø strengare enn fisket i elv. Å redusere fisket på blanda bestandar i sjø var eit klart råd frå det internasjonale havforskingsrådet, ICES.
Krokgarn skattar selektivt på mellomstor holaks, som har stor verdi som gytelaks. Dette er grunnen til at krokgarn i all hovudsak blei fasa ut langs kysten sør for Finnmark i 2002. I St.prp. nr. 32 heiter det at departementet meiner krokgarnfisket bør bli fasa ut også i Finnmark. Det er lista opp fleire gode grunnar i proposisjonen til at krokgarnfisket ikkje er berekraftig. Det står også at det blir lagt opp til ei overgangsfase for at fiskarane nord for Troms skal ha tilstrekkeleg tid til å gå over til kilenøter. No, nær femten år seinare, er altså denne overgangsfasen over. Sjølv om krokgarnfisket har føregått i fleire tiår, er ikkje denne reiskapen tilpassa dagens bestandssituasjon.
Miljødirektoratet har og nyleg utforma nye reguleringar for laksefisket i vassdrag. Av meir enn 1200 lakseførande norske vassdrag er det no berre 440 som blir opna for fiske i den kommande sesongen. Her blir det altså òg innstrammingar i fisket. Det er ikkje noko mål i seg sjølv å flytte laksefisket frå sjø til elv. Det er det same vilkåret som ligg til grunn for vurderingane om fisketid både i sjø og i elv: om bestanden oppfyller gytebestandsmålet og dermed har eit haustbart overskot som kan fiskast av.
Finland har eit svært avgrensa sjølaksefiske i Østersjøen, som ikkje påverkar oss i nokon grad. Finland driv ikkje med sjølaksefiske på atlantisk laks. I Russland går det heller ikkje føre seg noko fiske på atlantisk laks som høyrer heime i norske vassdrag. Ein del russiske villaksbestandar blir fanga på Finnmarkskysten, noko som har gitt opphav til ein samarbeidsavtale mellom Noreg og Russland om forvalting, overvaking og forsking på vill atlantisk laks i regionen. I grensevassdraga mellom Noreg og Finland er fisket regulert gjennom bilaterale avtalar, med tilhøyrande fiskeregler. I Tanavassdraget er fisket redusert med meir enn ein tredjedel gjennom den nye Tanaavtalen, og her er fisketid og talet på fiskekort likt fordelt på begge sider.
Eg er sjølvsagt heilt samd i at vi må stogge det ulovlege fisket av villaks langs kysten. Det er òg derfor vi skjerpte straffene for ulovleg fiske gjennom endringar i straffeføresegna i lakse- og innlandsfisklova i 2020. Vi har òg intensivert oppsynet langs kysten, noko som har resultert i langt fleire beslag og meldingar om ulovleg fiske.