Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1510 (2020-2021)
Innlevert: 05.03.2021
Sendt: 05.03.2021
Besvart: 12.03.2021 av næringsminister Iselin Nybø

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva vil statsråden gjera for å trygge arbeidsplassane ved Hydro sine valseverk i Karmøy og Holmestrand når veksemda no vert seld ut av landet?

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Norsk Hydro ASA (Hydro) har inngått ei avtale om å selje verksemdsområdet Hydro Rolling, som valseverka i Karmøy og Holmestrand er ein del av, til KPS Capital Partners (KPS). Eg er oppteken av at den nye eigaren tek godt vare på dei norske valseverka og arbeidsplassane, og eg merkjer meg at KPS uttrykkjer vilje til å utvikle Rolling vidare og er innstilt på å nytte sine ressursar slik at verksemda kan nå sitt fulle potensial.
Staten legg til rette for næringslivsaktivitet og trygge arbeidsplassar først og fremst gjennom gode generelle rammevilkår for verdiskaping. Gjennom sju år har regjeringa prioritert skatte- og avgiftsendringar som fremjar økonomisk vekst og legg til rette for ei grøn omstilling. Det er nettopp dei samla rammevilkåra som gjer at norske og utanlandske aktørar ønskjer å investere i norske arbeidsplassar, og som bidreg til at valseverka og dei ansatte er attraktive å satse på. Det viktigaste vi kan gjere for å tryggje arbeidsplassar, ved valseverka i Holmestrand og Karmøy og i resten av industrien, er difor å framleis sørgje for gode, føreseielege rammevilkår for næringslivet.
Arbeidet med gode rammevilkår og berekraftig vekst krev innsats langs fleire aksar, samstundes som at det ligg til verksemdene å industrialisere morgondagens løysingar. Me er særskild opptekne av å stimulere til utvikling av framtidsretta kompetanse og investere i grøn teknologi gjennom verkemiddelapparatet, som me har styrkja betydeleg. Vidare forsvarar me norsk industri sine interesser, til dømes ovanfor EU i samband med CO2-kompensasjon.
I februar tok vi imot sluttrapporten frå Prosess21, eit arbeid som me sette ned våren 2018 i samband med "Industrimeldinga" (Meld. St 27 (2016-2017)). Der framgår det mellom anna at norsk prosessindustri har vore aktiv og er godt posisjonert for berekraftig vekst. Videre vert det vektlagd at politikken fungerer samstundes som at det framover krev til dels nye grep for å realisera potensialet for ytterlegare vekst for industrien. Det siste er synleggjort ved at eksportverdien i prosessindustrien, ifølgje Prosess21, truleg kan doblast innan 2030.
Avslutningsvis vil eg peike på at utanlandsk eigarskap i seg sjølv ikkje er eit vonde for norsk næringsliv. Innanfor dei riktige rammene er utanlandsk eigarskap tvert om eit gode. Utanlandske investeringar bidreg mellom anna til at verksemder får tilgang til kapitalen dei treng for å realisere lønsame prosjekt, og i prosessindustrien finst det fleire eksempel på verksemder med betydeleg verdiskaping under utanlandsk eigarskap. Saman sysselset dei tusenvis av arbeidstakarar. Når utanlandske investorar med langsiktige perspektiv ønskjer å satse på norsk næringsliv og norske arbeidsplassar, syner det oss at rammevilkåra for norsk næringsliv er attraktive og at me har lukkast i å skape riktige rammer for utanlandsk eigarskap.