Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1464 (2020-2021)
Innlevert: 01.03.2021
Sendt: 01.03.2021
Besvart: 08.03.2021 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Har Forsvarsbygg fått i oppdrag å gå gjennom, prioritere kva Forsvaret treng og definere bruken av areala på Andøya flybase, og er det i så fall rett at Forsvarsbygg skal avgjere kva areal Forsvaret vil ha bruk for i framtida?

Begrunnelse

Høgre-regjeringa og Ap la i 2016 ned flybasen på Andøya. Det vart lova rask avklaring om framtidig bruk av areala slik at det ville bli frigitt areal til kommunen sitt omstillingsarbeid og etablering av sivile arbeidsplassar. Etterpå har det kome ulike signal. 09.05.2018 kunne ein lese i avisa Klassekampen at Nato ville gjere Andøya flybase til den viktigaste av sine basar. Tidlegare sjef FOH, Rune Jacobsen, uttala at alle operative flater på flyplassen er like viktige. Statsminister Erna Solberg har uttala at flybasen også i framtida vil bli nytta til forsvarsføremål. No synest det vera kommunen og Forsvarsbygg som har fått oppgåva med å avklare framtidig bruk av areala på flyplassen. Det kan stillast spørsmål om det er Forsvarsbygg som skal avgjere kva areal som vil tilfredstille Forsvarets behov og kva som kan nyttast til sivil næringsutvikling. Forsvarsbygg ligg direkte under Forsvarsdepartementet og er ikkje underlagt Forsvarssjefen.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg er oppteken av å gi Andøy kommune gode føresetnader for omstilling og utvikling etter nedlegginga av Andøya flystasjon. Saman med kommunen og andre sentrale interessentar utarbeider Forsvarsbygg ein tiltaksplan for framtidig bruk og utvikling av areala og infrastrukturen på flystasjonen.
Oppgåva til Forsvarsbygg er å forvalte eigedomar, bygg og anlegg i forsvarssektoren og å ta vare på arealbruksinteressa til sektoren. Dette gjerast i nært samarbeid med Forsvaret, som bruker av areal, bygg og anlegg. Forsvaret vil definere bruken sin også i denne heilt konkrete saka - som i alle andre arealsaker der Forsvaret har interesser. Det er inga motsetning mellom Forsvarets behov på Andøya flystasjon og arbeidet til Forsvarsbygg med ein tiltaksplan for bruk av areala og infrastrukturen på flystasjonen.