Skriftlig spørsmål fra Carl-Erik Grimstad (V) til kultur- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:953 (2020-2021)
Innlevert: 14.01.2021
Sendt: 15.01.2021
Besvart: 22.01.2021 av kultur- og likestillingsminister Abid Raja

Carl-Erik Grimstad (V)

Spørsmål

Carl-Erik Grimstad (V): Kva har regjeringa tenk å gjere for å leggje til rette for at næringsverksemder som sel varer på nett framleis kan nytte nynorsk i si marknadsføring utan å miste treff på nettet?
Ser statsråden føre seg å kontakte Google Noreg om saka?

Begrunnelse

Regjeringa i Noreg har lagt grunnlaget for- og støtta alle slag databasar for oppslag på og omsetjing av ord innan bokmål og nynorsk for dei store it-verksemdene. Den 14. januar vart det på NRK-nyheiter og i avisa Hordaland lagt fram ei sak der ei verksemd på Voss, Flor, som selde klede for arbeidsplassen, ikkje kom opp i søk på Google og at dei difor så seg tvungne til å skifta over til bokmål på si nettside.

Abid Raja (V)

Svar

Abid Raja: Saka om nettbutikken på Voss som byter frå nynorsk til bokmål fordi dei mistar treff ved å bruke nynorsk i marknadsføringa, er eit godt døme på at språkskifte frå nynorsk til bokmål ikkje berre handlar om frie val. Det handlar heller ikkje om at aktørar aktivt motarbeider at nynorsk skal kunne brukast på nett. Forklaringa på slike språkskifte er ofte at strukturar og mekanismar arbeider mot eit mindretalsspråk, nettopp fordi språket har færre brukarar. Eit viktig spørsmål i språkmeldinga som Stortinget har til behandling i løpet av februar, er korleis språkpolitikken skal innrettast i ein slik situasjon.
Argumentasjonen for offentleg finansierte tiltak som fremjar bruk av nynorsk, er at dei utjamnar dei bruks-, marknads- og konkurransevilkåra som er ulike for bokmål og nynorsk. Derfor er det offensivt og legitimt at det offentlege har særordningar for nynorsk. Dei er til for å vege opp for den sterke underrepresentasjonen nynorsk har elles i samfunnet. Det er i denne samanhengen nødvendig og relevant å halde seg med kvotereguleringane i framlegget til språklov, som t.d. sikrar 25 % nynorsk i tekstar frå staten på internett. Det er også nødvendig og relevant at det offentlege tek eit særleg ansvar for å fremje nynorsk spesielt når ein lagar politikk som er relevant for norsk språk. Slike mindretalsomsyn skal etter språklova gjelde på alle politikkfelt. Føremålet er å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit samfunnsberande språk som skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. For å oppfylle dette må teknologien også fungere på norsk.
I tillegg til regulering er det på Kulturdepartementets budsjett fleire tiltak som skal bidra til å utjamne dei ulike vilkåra for bokmål og nynorsk. Kulturdepartementet finansierer til dømes ei eiga spesiell teneste i Nasjonalbiblioteket, som er til for å utvikle språklege grunnlagsressursar/språkdata til bruk i ulike språkteknologiske løysingar på norsk. Tenesta stiller til disposisjon språkdata også for kommersielle aktørar. Språkbanken i Nasjonalbiblioteket prioriterer arbeidet med å byggje opp det som blir kalla eit parallellkorpus (store tekstsamlingar) på bokmål og nynorsk. Slike tekstsamlingar koplar nynorsk- og bokmålsord saman, og dersom ein brukar dei i søketeknologi, er det mogeleg å få treff på nynorskord når ein søkjer på bokmål og omvendt. Kulturdepartementet har i tillegg gitt tilskot til utviklinga av ein såkalla nynorskrobot hos Nynorsk pressekontor, som blant anna kan brukast til å omsetje mellom nynorsk og bokmål, som også blir brukt til å byggje vidare på det parallellkorpuset som finst i Nasjonalbiblioteket.
Når det gjeld det konkrete spørsmålet om nynorsk og treff på nettet, så er eg allereie i dialog med Google Noreg om dette. Eg veit at Google tek spørsmålet på alvor, men at det er teknisk komplekst og at dei jobbar med å løyse utfordringa. Eg vil ta initiativ til å invitere Google Noreg, saman med fleire aktørar til å diskutere korleis ein kan fremje eit mangfald av språk på digitale plattformer. Eg har godt håp om at dialogen bidreg til konkret og relevant samarbeid mellom stat og private bedrifter på språkfeltet.
I tillegg vil eg be Språkrådet om å lage rettleiingsmateriell til dei bedriftene som vil halde fram med å bruke nynorsk. Det er ein del dei som eig nettsidene kan gjere sjølve for å sikre seg at eit søk landar på deira nettstad. Mykje av det å vere i språklege mindretal handlar dessverre om å måtte gå nokre ekstrarundar for språket sitt. Det krev kunnskap og energi, men eg vil likevel oppmode til å gjere det.