Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:866 (2020-2021) Innlevert: 05.01.2021 Sendt: 06.01.2021 Besvart: 13.01.2021 av næringsminister Iselin Nybø
Fredric Holen Bjørdal (A): Meiner statsråden at Oslo er det best eigna utgangspunktet for det samanslåtte GIEK/Eksportkreditt til å støtte opp næringsliv langs kysten, eller vil regjeringa ta initiativ til lokalkontor til dømes i Ålesund, for å sikre betre tenester nærare der verdiskapinga skjer?
Iselin Nybø: Eg viser til at regjeringa har avgjort å slå saman GIEK og Eksportkreditt Noreg til ein ny etat, som framleis skal lokaliserast i Oslo. Eg merkar meg at det er mange som støttar avgjerda om samanslåing. Eg vil understreke at vi ikkje skal etablere ei heilt ny verksemd. Både GIEK og Eksportkreditt Noreg er i dag allereie lokaliserte i Oslo, og finansieringstilbodet som eksisterer i dag skal vidareførast. GIEK og Eksportkreditt kjenner næringslivet over heile Noreg svært godt. Slik skal det framleis vere etter samanslåinga. Tilbodet om eksportfinansiering er for både store og små eksportørar med behov for langsiktig finansiering, over heile landet og i alle næringar.Eg har merka meg ønskjet frå delar av næringslivet og det politiske miljøet i Møre og Romsdal om etablering av eit avdelingskontor i fylket. Næringslivet langs kysten, som maritime, offshore, grøn skipsfart, oppdrett og fiskeri samt energinæringa, utgjer ein svært stor del av brukargruppa til GIEK og Eksportkreditt. Eg har stor forståing for at næringslivet står i ein utfordrande økonomisk situasjon og er uroleg for i kva grad det er tilgjengeleg finansiering framover og gjennomføring av nye prosjekt. Derfor har regjeringa gjennom krisa lagt fram ei rekkje tiltak for å avhjelpe situasjonen både i maritim næring og i næringslivet generelt. Eg vil også understreke at den nye etaten skal fortsetje å gi finansiering til gode prosjekt over heile Noreg, inkludert i næringar langs kysten. Næringslivet langs kysten er viktig for både verdiskaping og sysselsetjing i norsk økonomi og vil vere viktig for utviklinga av eit konkurransedyktig og berekraftig havnæringsliv i åra framover.Eg vil ikkje utelukke at den nye verksemda på eit seinare tidspunkt vil ha ei organisering som tilseier eitt eller fleire lokalkontor rundt om i landet. Eg ser det ikkje som formålstenleg å gjere det i dagens situasjon, særleg sidan den nye organisasjonen har ein stor jobb framfor seg med å få to verksemder til å bli ei verksemd. Etaten skal også arbeide vidare med å gjere tilbodet kjent for sektorar og bedrifter som ikkje har brukt eksportfinansiering så mykje tidlegare og slik hjelpe norsk næringsliv i omstilling. Den samanslåtte etaten må samarbeide tett med mange næringar og bedrifter, samt bankar, i heile Noreg - og også internasjonalt. Dette er eit svært komplekst bilete av brukarar og behov. Å etablere lokalkontor på eitt eller fleire andre stader vil krevje store ressursar, og dei to verksemdene har i dag til saman i underkant av 150 tilsette. I ei tid kor det eksportretta næringslivet allereie står i ein krevjande situasjon er det viktig at mest mogeleg av kapasiteten blir brukt til å hjelpe bedriftene.