Skriftlig spørsmål fra Runar Sjåstad (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:688 (2020-2021)
Innlevert: 10.12.2020
Sendt: 10.12.2020
Besvart: 17.12.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Runar Sjåstad (A)

Spørsmål

Runar Sjåstad (A): Hva er status for fremdrift på prøveprosjektet som ble vedtatt i 2016 vedrørende forvaltning av kongeørn i Troms?

Begrunnelse

I 2016 vedtok Stortinget å gjennomføre et prøveprosjekt på forvaltning av kongeørn i Troms og på Fosenhalvøya i Trøndelag.
Det var allerede dokumentert at Kongeørna tar flere lam i Troms enn hva jerv og gaupe tar til sammen.
Prosjektet skulle omfatte både videre forskning og en prøveordning med felling av ørn som gjorde skade på beitedyr.
Fire år senere har det skjedd svært lite i Troms.
Prosjektet har blitt delt opp slik at det forskes på kongeørnas påvirkning på sau/lam på Fosen.
I tillegg har NINA fått i oppdrag fra Miljødirektoratet å starte tilsvarende forskning på ørn/tamrein i Troms, men prosessen ser ut til å ha stoppet opp.
Ut fra tilgjengelig informasjon kan det se ut som om det kun er gitt fellingstillatelse på en kongeørn i Troms.
Denne ble gitt i 2019.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Når det gjeld behandlinga av kongeørnforvaltninga i Stortinget i 2016, jf. Innst. 335 S (2015-2016), vart resultatet at Stortinget ikkje vedtok forslaga som vart fremja i representantforslaget. Energi- og miljøkomiteen hadde riktig nok nokre fleirtalsmerknadar som omhandla denne arten, og eg følgjer opp desse innanfor rammene av Bernkonvensjonen, naturmangfaldlova, rovviltforskrifta, rovviltforliket og bestandsmålet Stortinget har vedtatt.
Det siste året har vore svært krevjande for tamreindrifta i Noreg. Hovudårsaka til det, og den store forskjellen frå andre år, handlar om vêr og snøforhold som har skapt ei beitekrise. Reindrifta står overfor fleire utfordringar, der mellom anna vêr, snøforhold og tap av beiteareal gjev grunn til vesentleg uro. Det gjer også reindrifta meir sårbar for tap til rovvilt som kjem i tillegg. Førre vinter og vår gjev eit godt bilete på utfordringane som klimaendringar kan føre til for reindriftsnæringa. Klima- og miljødepartementet har i fleire år åtvara mot denne utviklinga og peika på forsking som viser at faktorar som klimatiske forhold, talet på rein på beite og beitegrunnlag er det viktigaste i forklaringa av utfordringar som reindrifta opplever når det gjeld produksjon og tap av tamrein.
Kongeørn er ein freda art i Noreg. Oppdaterte tal frå Rovdata viser vi har 1027 hekkande par, noko som er midt i bestandsmålet på 850-1200 hekkande par vedtatt av Stortinget. I forkant av behandlinga i Stortinget i 2016 låg det ikkje føre faglege vurderingar eller anbefalingar knytt til endringar i forvaltninga av kongeørnbestanden. Dette arbeidet er det derfor nødvendig å gjere i etterkant, for å sikre at dei tiltaka som eventuelt blir sett i verk er forsvarlege og kunnskapsbaserte.
Klima- og miljødepartementet har hatt på høyring forslag til endringar i rovviltforskrifta om skadefelling av kongeørn og kongeørnprosjekt. Vidare er forskingsprosjektet om kongeørn og sau på Fosen i Trøndelag vidareført. Etter høyringsinnspel om bekymringar for påverknaden ein meir aktiv forvaltning av ørn kan ha på reiselivsnæringa er det også gjort undersøkingar av dette. Ein rapport frå Menon Economics hausten 2020 viser at både direkte og indirekte konsekvensar kan bli omfattande som følgje av risiko for svekka omdømme for Noreg som reiselivsdestinasjon. Berre den direkte negative påverknaden blir anslått å vere på 25-100 millionar kroner i året og 50-220 tapte arbeidsplassar, men dei negative ringverknadene kan bli langt større.
Det er også behov for meir kunnskap om kongeørna si rolle som skadegjerar, korleis eventuelle andre faktorar kan påverke skadeomfanget frå kongeørn og kva for effekt ei meir liberal skadefelling av kongeørn vil ha på tapsomfang med meir. Til dømes kan det vere grunn til å tru at eit tilfeldig uttak av ørn ikkje vil ha særleg tapsreduserande effekt dersom det ikkje er rett skadegjerande individ. I tillegg kan det vere grunn til å tru at uttak av ørn i eit område vil ha kortvarig effekt fordi nye unge ørnar raskt vil ta over eit ledig territorium. Eg meiner slike forhold må greiast ut nærmare før det blir tatt endeleg stilling til ei eventuell endring i regelverket om skadefelling av kongeørn. På bakgrunn av dette er det sett i verk vidare forsking på kongeørn og sau på Fosen i Trøndelag.
Når det gjeld det konkrete prosjektet i Troms, er det gjennomført meir intensiv kartlegging av kongeørnbestanden som eit nødvendig grunnlag for vidare arbeid. Etter planen skulle også eit nytt forskingsprosjekt ha starta opp i Troms, og miljøforvaltninga har i lengre tid arbeidd med å få dette etablert. I samarbeid med Sametinget og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) utlyste Miljødirektoratet ein open anbodskonkurranse i mars i år, og direktoratet fekk inn eitt tilbod innan fristen, frå Norsk institutt for naturforskning (NINA). Tilbodet tilfredsstilte ikkje alle vilkåra i konkurransegrunnlaget. Dei viktigaste manglane var knytt til kravet om at det må føreligge ei samarbeidsavtale med reinbeitedistrikt, og ei utdjuping av korleis tradisjonell kunnskap kan inngå som integrert del av forskingsprosjektet. Årsaka til manglane er at det so langt ikkje har lukkast å få til ei samarbeidsavtale med aktuelle reinbeitedistrikt, og at førespurnader til aktuelle forskingsinstitusjonar om samarbeid om tradisjonell samisk kunnskap har vore utan resultat.
Forsøket på å løyse utfordringane med å etablere eit forskingsprosjekt i vår nordlegaste landsdel har helde fram gjennom hausten, men framleis utan resultat. Eg vil derfor ta ein ny runde med Miljødirektoratet for å sjå om det er mogleg å finne andre alternativ som på ein tilfredsstillande måte kan gje oss meir kunnskap om forholdet mellom tamrein og ørn.