Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til fiskeri- og sjømatministeren

Dokument nr. 15:585 (2020-2021)
Innlevert: 27.11.2020
Sendt: 27.11.2020
Besvart: 04.12.2020 av fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kor mykje ekstra er betalt inn i ekstra CO2-avgift i 2020 som fylgje av vedtaket om å fjerna redusert sats for fiskeri, og kor mykje er utbetalt i kompensasjon?

Begrunnelse

Spørsmålet har både ei avgiftsside og ei side knytt til spørsmålet om kompensasjon. Kompensasjonsordninga ligg under fiskeriministeren og difor er spørsmålet retta til han.

Odd Emil Ingebrigtsen (H)

Svar

Odd Emil Ingebrigtsen: Som det står i grunngjevinga for spørsmålet har dette både ei avgiftsside og ei side knytt til spørsmålet om kompensasjon.
CO2-avgifta og innkrevinga av ho ligg under Finansdepartementet sitt ansvarsområde. Departementet har vore i kontakt med Skattetaten for å finne svar på spørsmålet om "kor mykje ekstra som er betalt inn i ekstra CO2-avgift i 2020 som fylgje av vedtaket om å fjerna redusert sats for fiskeri". Skatteetaten opplyser at det ikkje er mogleg å finne fram slike tal. Dette er fordi rapporteringa dei mottek, inneheld aggregerte og overordna tal, og ikkje tal brote ned på nivå med for eksempel fiskefartøy frå dei registrerte verksemdene (oljeselskapa) som rapporterer inn.
Til det andre spørsmålet vil eg vise til at Stortinget vedtok å innføre full CO2-avgift for fiskeflåten frå 1. januar 2020. Den gamle refusjonsordninga for innbetalt CO2-avgift for fiskeflåten vart avvikla og skal erstattast med ei midlertidig kompensasjonsordning basert på gjeldande refusjonssats på 1,06 kroner per liter. Det vart avsett ei løyving på 255 millionar kroner i 2020. Det er vidare vedteke at ordninga skal trappast ned lineært over fem år, og løyvinga til ordninga vart difor vedteke redusert med 51 mill. kroner årleg i ein femårsperiode. Ordninga med refusjon av innbetalt grunnavgift på mineralolje held fram uendra.
Det er vidare vedteke at fiskeflåten vert delt inn i tre grupper i kompensasjonsordninga, som vil bestå av høvesvis kystflåten, havflåten og kystrekeflåten. Gruppeinndelinga er gjort på bakgrunn av ei heilskapleg vurdering, der fiskeripolitiske og økonomiske omsyn har vore ein del av vurderingsgrunnlaget. Løysinga med tre grupper inneber at det blir etablert gode incentiv til å driva meir klimavennleg samtidig som ein "konkurrerer" innanfor si eiga gruppe.
I motsetnad til den gamle refusjonsordninga vil kompensasjonen ikkje vere knytt til drivstoffbruk, men verte utbetalt proporsjonalt ut frå det einskilde fartøyet sin del av samla førstehandsverdi frå fangst teke i nære farvatn. Delen blir utrekna innanfor den kompensasjonsgruppa som fartøyet tilhøyrer.
Sidan oversikta over førstehandsverdien til fartøya for heile 2020 først er klar i mars 2021, vil utbetaling av kompensasjon for 2020 først skje på våren i 2021. Departementet skal i desse dagar ta stilling til den endelege innretninga på ordninga.