Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:554 (2020-2021)
Innlevert: 23.11.2020
Sendt: 24.11.2020
Besvart: 30.11.2020 av arbeids- og sosialminister Henrik Asheim

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Når kan Stortinget forvente å få seg førelagt regjeringa sitt forslag til yrkesskadereform, kva nye element vil denne innehalde, og vil ein samtidig føreslå konkrete forslag for betre yrkesskade- og ulykkesforsikringsordningar for skuleelevar, folkehøgskuleelevar og studentar?

Begrunnelse

Arbeidet med ny lov om arbeidsskadeforsikring har pågått lenge. Det første utvalet blei sett ned av Stoltenberg I-regjeringa i 2001. Sidan då har det vore fleire utgreiingar og omfattande høyringsrunder. Stoltenberg II-regjeringa fremja forslag til lov om arbeidsskadeforsikring i Prop. 193 L (2012-2013).
Proposisjonen utgjorde første del av ei større planlagt reform av yrkesskadeområdet, der samanslåing av særreglane om yrkesskader i folketrygdlova og yrkesskadeforsikringa utgjorde første skritt. Dette skulle sikre retten til full erstatning gjennom éi ordning.
Proposisjonen vart trekt tilbake av Solberg-regjeringa, jf. Meld. St. 6 (2013-2014). Saka har vore etterlyst frå Arbeidarpartiet ei rekkje gongar.
I Prop. 193 L (2012-2013) varslar departementet at det vil foreta ein gjennomgang av yrkesskade- og ulykkesforsikringsordningane for skuleelevar og studentar, og kome tilbake til Stortinget med eit konkret forslag. Dette arbeidet ser ut til å ha blitt skrinlagt etter regjeringsskiftet i 2013.

Henrik Asheim (H)

Svar

Henrik Asheim: Det er to ordningar som til saman sikrar arbeidstakarar rett til full erstatning ved yrkesskadar og yrkessjukdomar: Særreglane til folketrygdlova ved yrkesskadar og yrkessjukdomar som er administrert av Arbeids- og velferdsetaten og ei lovpålagd yrkesskadeforsikring som er administrert av forsikringsselskapet til arbeidsgivaren. Arbeidstakarar og arbeidsgivarar må dermed holde seg til to ulike sett med lovreglar og administrative system. Skuleelevar og studentar er i dag omfatta av yrkesskadeordninga i folketrygda. I tillegg pliktar kommunar og fylkeskommunar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane etter lovreglar i utdanningslova og friskolelova. Kunnskapsdepartementet har ansvar for denne ordninga. Skuleelevar og studentar er ikkje omfatta av yrkesskadeforsikringa.
Som ei oppfølging av NOU 2004: 3 Arbeidsskadeforsikring, har departementet arbeidt med eit forslag om å slå saman dei to ordningane lovmessig og organisatorisk. Dette skulle sikre retten til full erstatning gjennom éi ordning. I Prop. 193 L (2012–2013) la regjeringa Stoltenberg II fram forslag til ei ny lov om arbeidsskadeforsikring. Forslaget hadde nokre lovreglar om rett til erstatning, og ei skisse til vidare arbeid og ein omtale av korleis området er tenkt organisert.
Proposisjonen blei fremja i statsråd 20. september 2013 og formelt lagt fram for det nye Stortinget. I Meld. St. 6 (2013–2014) blei Stortinget varsla om at regjeringa Solberg trakk proposisjonen frå behandling i Stortinget.
Reformarbeidet blei seinare omtalt i Prop. 1 S (2015–2016) s. 137–138, der det blant anna heiter:
"Regjeringen har merket seg det omfattende arbeidet som over år er nedlagt i denne saken uten at man har kommet frem til en omforent framtidig løsning, og at dagens yrkesskadeordninger, tross visse svakheter, fungere etter hensikten og formålet med ordningene."
I Representantforslag 53 S (2018–2019) om forbetringar i regelverket for yrkesskadeerstatning, frå Hadia Tajik, Jonas Gahr Støre, Leif Audun Sande, Lise Christoffersen og Arild Grande, heiter det i punkt 6:
"Stortinget ber regjeringen snarest fremme sak til Stortinget med forslag til en ny samlet lov om arbeidsskade."
I samband med handsaminga av representantforslaget i Arbeids- og sosialkomiteen, uttalte fleirtalet mellom anna jf. Innst. S 186 (2018–2019):
"Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, viser til at det ikke har lyktes partene i arbeidslivet å komme til enighet om en ordning som kan avløse gjeldende system for yrkesskadeforsikring, til tross for omfattende og grundig arbeid over lang tid.
Flertallet viser til at det har vært arbeidet med en yrkesskadereform i over femten år. Et offentlig utvalg har lagt frem forslag til en grunnleggende omlegging av gjeldende system, i tillegg til at departementet gjennom årene har utredet mulige alternativer. Til tross for bred enighet om at dagens ordninger inneholder flere svakheter, har det ikke lyktes partene å komme frem til enighet om virkemidlene som eventuelt kunne løst disse. Flertallet viser videre til at denne uenigheten kom tydelig frem i høringen 31. januar 2019 i denne saken, og at ingen av høringsdeltakerne ga noen omforent støtte til de konkrete forslagene i saken. Samtlige deltakere på høringen hadde også egne forslag til justeringer eller alternative forslagstekster."
Komiteen trefte 5. mars 2019 vedtak med innstilling om at representantforslaget ikkje blei vedteke, og Stortinget trefte vedtak 26. mars 2019 i samsvar med innstillinga.
I om lag 15 år er det arbeidt med ei yrkesskadereform. Eit offentleg utval har lagt fram forslag til ei grunnleggjande omlegging av gjeldande yrkesskadeordning. I tillegg har departementet gjennom åra vurdert mogelege alternativ, og saka har vore på brei høyring i tre omgangar.
Videre konstaterer eg at det til tross for eit svært omfattande og grundig arbeid, ikkje har lukast partane i arbeidslivet å kome til semje om ei løysing som kan avløyse gjeldande system på ein god og formålstenleg måte.
Eg har merkt meg det omfattande arbeidet i denne saka, utan at ein har funne fram til ei framtidig løysing partane i arbeidslivet kan godta, og at dagens yrkesskadeordning, som ikkje er feilfri, fungerer etter meininga med den. Når eg meiner at yrkesskadeordninga fungerer etter meininga, er det med bakgrunn i at dei som har ein yrkesskade får full erstatning innanfor rammene av den ordninga vi har i dag. Eg meiner òg at yrkesskadeordninga for skuleelevar og studentar fungerer etter meininga. Eg viser samstundes til at partane i arbeidslivet, som ordninga er til for, ikkje har teke noko initiativ overfor departementet for å få starta opp igjen arbeidet med å samle gjeldande regelverk i ei ny lov.