Skriftlig spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:494 (2020-2021)
Innlevert: 18.11.2020
Sendt: 19.11.2020
Rette vedkommende: Distrikts- og digitaliseringsministeren
Besvart: 27.11.2020 av distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland

Nils T. Bjørke (Sp)

Spørsmål

Nils T. Bjørke (Sp): Talet på registrerte sysselsette i statleg forvaltning på Voss har minka med 94 i åra 2013-2019. Nabokommunane Ulvik, Vaksdal, Vik og Aurland har til saman mista 76 sysselsette i statlig forvaltning i perioden. Til samanlikning er talet i Bergen auka med 3 165.
Kva er forklaringa på denne endringa; kva for arbeidsplassar er det som har vorte borte i Voss og i nabokommunane, og kva for arbeidsplassar har vorte styrka i Bergen?

Begrunnelse

I budsjettarbeidet denne hausten har Senterpartiet sin finansfraksjon spurt kor mange kommunar som har færre arbeidsplassar i dag enn i 2013 og kor mange statlege arbeidsplassar desse kommunane har tapt til saman. Spørsmålet er lagt fram for Kommunal- og moderniseringsepartementet. Departementet har laga ei oversikt basert på SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk for å visa sysselsette etter arbeidssted i institusjonell sektor «Statleg forvaltning». Oversikta syner at talet på registrerte sysselsette i statleg forvaltning på Voss i fjerde kvartal 2013 var 691. I fjerde fjerde kvartal 2019 var talet 601. Nedgang i sysselsetjing innafor statleg forvaltning treng ikkje bety tap av arbeidsplassar i ein kommune. Det kan bety at ei verksemd ikkje lenger er ein del av statleg forvaltning.
Oversikta syner at talet på registrerte sysselsette i statleg forvaltning har endra seg slik for Voss og nabokommunane samanlikna med Bergen:
Bergen + 3 165
Aurland - 8
Vik -11
Granvin -4 (Granvin er slådd saman med Voss)
Ulvik – 20
Vaksdal – 37
Voss - 90

Linda Hofstad Helleland (H)

Svar

Linda Hofstad Helleland:

Svaret og vedlegg