Skriftlig spørsmål fra Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:451 (2020-2021)
Innlevert: 13.11.2020
Sendt: 16.11.2020
Besvart: 20.11.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Spørsmål

Trygve Slagsvold Vedum (Sp): Vil statsråden sørge for at bestandsmålet som er vedtatt av Stortinget nås kommende vinter, og når kan det forventes svar på roviltnemdenes vedtak?

Begrunnelse

Rovviltnemdene har vedtatt felling av flere ulveflokker til vinteren for å komme ned på Stortingets vedtatte bestandsmål. Erfaring har derimot vist at regjeringen og statsråden gjør store endringer like før fellingsstart, slik at de vedtatte bestandsmålene ikke nås. De sene vedtakene fra regjeringen har medført at det er gått med mye tid og ressurser til planlegging i fellingslagene. Felling det likevel ikke er blitt noe av.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Rovviltnemndene i region 4 (Oslo og dei tidlegare fylka Østfold og Akershus) og 5 (tidlegare Hedmark fylke) har nyleg handsama klagene på sitt vedtak, og saka vart sendt til Klima- og miljødepartementet for endeleg avgjersle den 13. november 2020.
Som klageinstans vil eg ikkje spekulere i kva for omfang lisensfellinga kan få denne vinteren. Det vil eg kome tilbake til etter at eg har sett grundig på saka. Generelt er det slik at bestandsmålet er eit av fleire moment ved vurdering av lisensfellingskvoter, men det er òg andre moment og vilkår i naturmangfaldlova som må vurderast.
Eg har som ambisjon å avgjere klagesaka så raskt som mogeleg.. Saka er nyleg oversendt til departementet frå rovviltnemndene, og det er vanskeleg å allereie no vere konkret når det gjeld tidspunkt for endeleg klageavgjersle.