Fredric Holen Bjørdal (A): Kan regjeringa love ekstraløyvingar til utstyr i det nye mediebygget i Volda, eller ser ein føre seg at høgskulen skal undervise framtidas mediearbeidarar utan medieteknisk utstyr?
Begrunnelse
Høgskulen i Volda får nytt mediebygg, eit 4000 kvadratmeter stort bygg som skal huse 50 tilsette og 500 studentar. Dei fem ulike bachelorprogramma som skal undervisast der vil ha behov for omfattande medieteknisk utstyr, men det ligg ikkje inne løyvingar til dette i forslaget til statsbudsjett. Bygget er innflyttingsklart hausten 2021, og vil ha behov for ekstraløyvingar seinast i revidert budsjett for 2021. Moderne medieteknisk utstyr er for dyrt til å finansiere over høgskulen sine ordinære rammer, men høgskulen ser føre seg eit spleiselag der ei ekstraløyving på om lag 30 mill. kroner kan vere nok til nødvendig utstyr i oppstartsfasen.