Skriftlig spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:154 (2020-2021)
Innlevert: 16.10.2020
Sendt: 16.10.2020
Besvart: 22.10.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Hvordan vil EU-kommisjonens ulike forslag til omlegging av unionens klimaregime inkl. hvordan opptak og utslipp i LULUCF kan benyttes til å nå EUs klimamål mot 2030, påvirke nivået til Norges nasjonale utslippsforpliktelse og muligheten for bruk av fleksible mekanismer i samme periode?

Begrunnelse

Norges har forpliktet seg til en klimaavtale med EU. Avtalen innebærer at Norge deltar i EUs klimaregelverk for 2030 på like vilkår som medlemslandene i EU. Dette gjelder både innenfor kvotepliktig sektor, ikke-kvotepliktig sektor og arealsektoren (LULUCF). Nye regler for hvordan medlemsland i EU kan innfri sin klimaforpliktelse vil dermed også bli gjeldende for Norge.
EU-kommisjonen la nylig fram et forslag til skjerpet utslippsforpliktelse til å gå fra 40 prosent til 55 prosent reduksjon av klimagassutslippene i 2030. I EU-kommisjonens forslag til skjerpet klimamål for 2030 står det:
«an EU-wide, economy-wide greenhouse gas emissions reduction target by 2030 compared to 1990 of at least 55% including emissions and removals.»
Fram til nå har EUs utslippsforpliktelse mot 2030 primært blitt målt ut fra utslippskutt i kvotepliktig og ikke-kvotepliktig sektor. Arealsektoren (LULUCF) har i hovedsak blitt holdt utenfor. Nå åpner Kommisjonen for å endre på dette. Kommisjonen varsler vil gjennomgå regelverket for arealsektoren (LULUCF) og skisserer flere mulige endringsforslag. Dette kan åpne for at opptak og utslipp fra arealsektoren også kan brukes som tiltak for å innfri unionens klimamål i 2030.
Det åpnes kun for begrenset bruk av fleksible mekanismer mellom ikke-kvotepliktig sektor og LULUCF dersom medlemslandet bokføres med et større opptak enn forventet i en satt referansebane. Dersom et medlemsland bokføres med et netto utslipp i arealsektoren må dette dekkes av ytterligere utslippskutt i ikke-kvotepliktig sektor.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Noreg har inngått ei forpliktande klimaavtale med EU, kor vi skal samarbeide om å redusere utsleppa våre med 40% innan 2030. Gjennom klimaavtala med EU har Noreg forplikta seg til å følgje alle dei tre pilarane i EUs klimaregelverk for perioden 2021 til 2030, det vil seie kvotesystemet, den såkalla innsatsfordelinga og regelverket om skog og arealbruk (LULUCF).
Kvotesystemet er innlemma i vedlegga til EØS-avtala på vanleg måte. Dette gjer at Noreg normalt sett vil måtte delta i nye versjonar av klimakvoteregelverket. Dei andre delane av EUs gjeldande klimaregelverk er derimot inkludert i protokoll 31 til EØS-avtala. Protokoll 31 gjeld frivillig samarbeid utanfor dei fire fridomar. At innsatsfordelinga og regelverket om skog og arealbruk er inkludert i protokoll 31 om frivillig samarbeid betyr at Noreg ikkje treng å delta i nye versjonar av desse regelverka om vi ikkje ønskjer det. Alternativet til å ikkje delta i nye versjonar av innsatsfordelinga og regelverket skog og arealbruk er å gå ut av klimaavtala med EU. Regjeringa har fleira gonger sagt at vi har eit ønske om å fortsette samarbeidet med EU, også for eit forsterka klimamål.
Noreg forsterka sitt klimamål for 2030 i februar 2020. Det nye målet er å redusere utsleppa med minst 50 % og opp mot 55% innan 2030. Regjeringa arbeidar aktivt for at EU skal auke sitt 2030-mål til 55 % og vi har vore tydeleg på at vi også ønskjer å samarbeide med EU om eit forsterka klimamål.
I september 2020 foreslo Europakommisjonen at EU skal auke sitt klimamål for 2030 frå ein utsleppsreduksjon på minst 40% til minst 55 % samanlikna med 1990. Det nye målet Kommisjonen foreslår er eit såkalla nettomål som tek omsyn til opptak av CO2 i skog og arealbruk. Saman med forslaget til eit forsterka klimamål la Kommisjonen fram ei melding om EUs klimamål for 2030. Denne meldinga skisserer ulike måtar EU kan endre klimaregelverket for å nå eit forsterka klimamål og Kommisjonen gir viktige signal om korleis den ser for seg at det forsterka målet skal bli nådd.
Ifølgje Kommisjonen vil det krevje innsats frå alle sektorar å nå eit klimamål på minst 55% utsleppsreduksjon innan 2030. Alle utslepp må reduserast så mykje som mogleg for å avgrense behovet for å balansere restutsleppa med opptak i skog og andre areal, eller andre former for CO2-fjerning. Analysen som Kommisjonen har lagt fram ser på utsleppa samla frå EU, og ser ikkje på fordelinga mellom dei enkelte medlemsstatane.
I juni 2021 skal Kommisjonen leggje fram konkrete forslag til endra klimaregelverk som skal sikre at eit forsterka klimamål vert oppfylt. Noreg følgjer nøye med på EUs klimaarbeid og vil halde fram med å arbeide aktivt for å sikre norske interesser. Det gjeld også regelverksutviklinga Kommisjonen no skal i gong med.
Europaparlamentet og Rådet skal involverast, og det vil truleg ta fleire år før endringane i EUs klimaregelverk er på plass og vi veit konsekvensane det vil få for Noreg. Når regelverket er vedtatt i EU må vi vurdere om, og eventuelt på kva vilkår, regelverket skal gjerast gjeldande for Noreg. For at regelverket skal gjelde for Noreg må Stortinget gje sitt samtykke.
Fram til eit nytt og forsterka EU-regelverk er avklart vil vi følgje det nogjeldande regelverket vi er bunden til gjennom klimaavtalen med EU og planleggje klimapolitikken deretter. Dette gjeld både kvotesystemet, dei ikkje-kvotepliktige utsleppa som inngår i innsatsfordelinga og ikkje minst regelverket om skog og arealbruk. Norske utslepp skal i alle tilfelle ned og vi må gjere tiltak for å auke opptaket i skogen. Vi vil om kort tid leggje fram ei klimamelding som viser korleis regjeringa planlegg å gjere nettopp det.