Lene Vågslid (A): Meiner statsråden at situasjonen som er beskrive rundt lensmannskontoret i Seljord er i tråd eller i strid med Stortinget sitt vedtak om å styrke alle attverande lensmannskontor?
Begrunnelse
Fleire stader i landet får vi nå bekymringar knytt til svekking av lensmannskontor og lokale tenestestader. Som statsråden er godt kjent med har Stortinget vedtatt at alle gjenverande lensmannskontor (også kalla tenestestad) skal styrkast, og seinast under trontaledebatten vedtok eit samle Storting å styrke det lokale politiet.
I Seljord kommune i Sør-Øst politidistrikt er ein bekymra over framtida til lensmannskontoret. Dette lensmannskontoret vart ikkje lagt ned som ein del av Nærpolitireforma. Til tross for Stortingets klare vedtak, mål og intensjonar i Nærpolitireforma, blir tilsette som sluttar i Seljord erstatta av tilsette som plasserast veit eit anna kontor Vest-Telemark. Leigekontrakta til lokala som Seljord lensmannskontor disponerer er sagt opp og går ut i september til neste år. I følgje politiet så skal ein ha vesentleg mindre areal her og mange er no bekymra for at dette betyr utfasing på sikt.