Ingrid Heggø (A): Arbeidslivet på kysten er avhengig av arbeidsinnvandring, og brorparten av arbeidarane kjem frå Aust-Europa som har høgre smittetal enn vi har i Norge. Det er lite som er gjort for å førebu næringslivet godt nok på korleis overholde smittevernreglane på brakkeriggar og det manglar nasjonale veiledere for det.
Vil statsråden ta eit initiativ til å lage nasjonale veiledere for arbeidere som bur i brakkerigger?
Begrunnelse
Arbeidslivet langs heile kysten vår er avhengig av arbeidsinnvandring. Dei fleste arbeidsinnvandrar kjem frå Aust-Europa og mange jobber i tre og firevekers turnuser. Der dei reiser til heimlandet i friperioden. Ein vert så testa når ein landar i Norge att og testa på nytt etter omlag fem dager når testen er negativ. Er også test nr. to negativ så er ein ute av karantena både i jobb og fritidssamanheng. Dei fleste plassar så bur arbeidsinnvandrarane i dei ordinære brakkeriggane også i karantenetida.
Karantene fungerar svært bra når ein bur i eigen leiligheit eller einebustad med familien. Reglane for å hindre smitteoverføring er i prinsippet lik for alle med god hygene, holde avstand og vere heime når ein er forkjøla og sjuk. Men dei fleste av dei utanlandske arbeidarane skal ha karantenetida si i brakkerigger med felles kantine og hygeneforholda er av ein annan karakter enn i eigen bustad. Det er også store utfordringer med å kunne holde rett avstand.
Hyllestad kommune har diverre fått eit alvorleg utbrot av Covid 19. Hjørnesteinsbedrifta i kommunen på 1400 innbyggere og som har om lag 300 innleigde arbeidarar har måtta stenge ned. Det har også barnehage og skule, og alle tilsette ved Havyard er sett i karantene, over 60 er smitta. Det vert sagt at smitten har skjedd i brakkeriggane og pendlarane kjem også frå land med høgre smitte enn kva vi har.
Situasjonen i Hyllestad er alvorleg for heile kommunen og for framtida til hjørnesteinsbedrifta som no er nedstengt av myndigheitene. Det er vanskelig å sjå nokon lett løysing på problemstillinga, men det ville ha vore til god hjelp for bedriftene å hatt nasjonal veiledningsmatriell frå nasjonale myndigheiter. Ein kan ikkje belaste den enkelte bedrift med å lage ros analyse på bustadsituasjonen, og i fleire tilfeller er ansvarsområde mellom bedriftene og kommunen vanskeleg å trekke i dagens situasjon noko som burde vore oppklart i ein nasjonal veiledar. Eg har tidlegare spurt statsråden om ein var villig til å yte ekstrahjelp til små sårbare kommiunar som hadde høg arbeidsinnvandring. Dette svara statsråden negativt på. No er situasjonen også slik at permitteringsreglane ikkje lenger er med to dagers lønsplikt, noko som kan på føre store ekstrakostnader for bedrifta.