Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:2716 (2019-2020)
Innlevert: 22.09.2020
Sendt: 22.09.2020
Besvart: 28.09.2020 av finansminister Jan Tore Sanner

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kvifor har finansministaren fjerna svar på tidlegare budsjettspørsmål som han har fått frå partia på Stortinget, frå nettsidene til regjeringa?

Begrunnelse

På statsbudsjettet.no har det til no vore tilgjengeleg kunnskap frå tidlegare års handsaming av statsbudsjettet. Dette er ei av dei viktigaste kjeldene til økonomiske utrekningar for opposisjonen, som ikkje sjølv har tilgang på eit embetsverk. Det gjev opposisjonen grunnlag for å fremje kunnskapsbaserte framlegg i Stortinget, med så reelle og kvalitetssikra tal som mogleg. Det er ein sentral del av demokratiet å leggje til rette for at opposisjonen kan fremje eigne saker, og drive kritikk av regjeringa sine framlegg, med tilgang til kunnskapen i embetsverket i Finansdepartementet.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: La meg starte med å trygge representanten om at alle 6361 svara på spørsmål om dei siste fire budsjetta er (statsbudsjettet 2019, revidert nasjonalbudsjett 2019, statsbudsjettet 2020 og revidert nasjonalbudsjett 2020) tilgjengelege på nettsidene til regjeringa.
Kvart år svarar Finansdepartementet på om lag 3000 budsjettspørsmål frå representantane på Stortinget. Alle svara blir sende direkte til Stortinget og i tillegg publisert på nettsida statsbudsjettet.no.
Som varsla i ei pressemelding 8. september har Finansdepartementet lagt ned budsjettportalen statsbudsjettet.no og samla all informasjon om budsjetta på regjeringa si nettside regjeringen.no/statsbudsjettet. Tidlegare har mykje av informasjonen om statsbudsjetta vore publisert både på statsbudsjettet.no og regjeringen.no.
Den tekniske løysinga som statsbudsjettet.no var bygd på, er frå 2001, og ho var både utdatert og sårbar. Det ville kravd betydelege investeringar å behalde denne portalen. Departementet meiner det er ei betre løysing å bruke ressursane på ein nettstad framfor to. Regjeringen.no er ein driftssikker nettstad og den viktigaste kanalen for informasjon frå regjeringa. Det vil òg vere enklare for publikum å finne fram i budsjetta når alt er samla på ein nettstad.
I samband med denne endringa blei innhald som tidlegare berre var tilgjengeleg på statsbudsjettet.no flytta til regjeringen.no. Dette gjeld mellom anna budsjettsvara representanten etterlyser. Ettersom det dreier seg om mange tusen dokument som må leggjast inn på nytt, er det ressurskrevjande arbeid. Departementet vurderte difor kor mange årgangar med budsjettsvar ein skulle ta med i denne flyttinga over til regjeringa sine nettsider. Statistikk frå nettstaden viser at det er særleg spørsmål frå eitt og to år tilbake i tid som blir mykje besøkt. Det er årsaka til at spørsmål og svar frå åra før 2019 ikkje er tilgjengeleg på regjeringen.no/statsbudsjettet. Dei finst i arkiva hjå Finansdepartementet og Stortinget på vanleg måte.
Departementet vil på nytt vurdere om det likevel bør ta kostnaden med å gjere budsjettspørsmåla frå år før 2019 offentleg tilgjengelege.
Når Statsbudsjettet 2021 blir publisert 7. oktober, vil alle dokumenta og all informasjon om budsjettet bli tilgjengeleg på regjeringen.no/statsbudsjettet. Svar på budsjettspørsmåla frå Stortinget vil bli lagt ut fortløpande på den same sida rett etter at dei er sende til Stortinget.