Hadia Tajik (A): Kva handlingsrom innafor EØS har Norge på utforminga av fritaksmetoden og aksjonærmodellen?
Begrunnelse
Grunngjevinga bak fritaksmetoden er å unngå dobbel skattlegging, men metoden har vist seg å ha nokre uheldige sideeffektar. I NOU 2014:13 «Kapitalbeskatning i en internasjonal økonomi» kan me lese at «Kravet til skattemessig likebehandling av selskap innenfor EØS, og innføringen av fritaksmetoden i 2006, bidrar til at det norske skattesystemet gir vide muligheter for norske selskap til å flytte overskudd mellom konsernselskap». I tillegg syner tal frå skatteetaten at norske bedriftseigarar i åra 2016-2018 har henta ut over 200 mrd. kr skattefritt frå bedriftar dei eig, og flytta dei til private holdingselskaper (DN 14.12.19).