Hadia Tajik (A): Kva er finansministeren sin versjon av kontakten med sentralbanksjefen i samband med tilsetjinga av ny dagleg leiar for NBIM, kva karakteristikkar gav han sjølv i samtalen Olsen refererer til, kva vart diskutert om Tangen sine økonomiske interessar opp mot rollen som dagleg leiar for NBIM, og fekk han informasjon om at Hovedstyret i Norges Bank i oppstart av prosessen med ny sjef for Oljefondet hadde godkjent premisset om fortsatt eigarskap i AKO?
Begrunnelse
Viser til høyring på Stortinget i samband med dok. 9:1 (2019-2020), den 10. august 2020. I høyringa refererte sentralbanksjef Øystein Olsen samtalar han skal ha hatt med finansministeren i samband med tilsetjinga av ny dagleg leiar for NBIM. Mellom anna skal statsråden ha gjeve uttrykk for «bekymring». Statsråden skal ikkje ha fått informasjon om at Hovedstyret i Norges Bank i oppstart av prosessen med ny sjef for Oljefondet hadde godkjent premisset om fortsatt eigarskap i AKO.