Skriftlig spørsmål fra Heidi Greni (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1989 (2019-2020)
Innlevert: 19.06.2020
Sendt: 22.06.2020
Besvart: 26.06.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Heidi Greni (Sp)

Spørsmål

Heidi Greni (Sp): Vil statsråden sørge for at slagbjørn i beiteprioriterte områder blir bedøvd for å sjekke kjønn, og at alle hanndyr blir tatt ut?

Begrunnelse

Situasjonen med skadedyr i beiteprioriterte områder som Grong og Namsskogan er nå helt uholdbar. Mattilsynet har varslet beitenekt hvis det blir nye bjørneangrep, noe som er stikk i strid med rovviltforliket
Statsråden har instruert fylkesmennene om at det ikke skal gis fellingstillatelse, med begrunnelsen at det ikke skal tas ut binner så lenge bestandsmålet ikke er nådd. Dette er også stikk i strid med rovviltforliket.
Rovviltforliket slår fast at alle rovdyr i prioriterte beiteområder, som utgjør et skadepotensiale, skal tas ut. Dette følges ikke opp.
I det minste burde alle hanndyr som angriper beitedyr i beiteprioritert områder, bli tatt ut umiddelbart. Noe som enkelt kunne vært løst med samme metode som med merking; å bedøve bjørnen. Da kan man enkelt sjekke kjønn, for så å avlive alle hanndyr.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Å bedøve bjørn eller andre rovdyr for å sjå kva for kjønn dei har er av fleire årsaker særs krevjande om sommaren. Å sette ei bedøvingspil i ein bjørn krev at ein kjem nært inn på individet, og normalt er dette berre mogleg frå lufta med helikopter. Om sommaren, når det ikkje er sporsnø og lauvet tettar igjen skogen, er moglegheita for å lukkast med slike operasjonar frå lufta særs liten. Som ved skadefelling er helikopter difor ikkje egna til å lokalisere bjørn om sommaren. I tillegg er det slik at bjørnen er svært sårbar for jaging ved høge temperaturar, og det er en risiko for overoppheiting med død til følgje.
Når det gjeld siste del av spørsmålet vil eg også understreke at det i alle tilfelle ikkje ville vere mogleg etter gjeldande regelverk å leggje ei føring om at alle hannbjørnar i beiteprioriterte område blir tatt ut. Terskelen for å tillate felling av bjørn er låg i slike område, men forvaltninga må i kvart enkelt tilfelle gjere ei konkret vurdering etter gjeldande regelverk.