Skriftlig spørsmål fra Steinar Karlstrøm (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1687 (2019-2020)
Innlevert: 20.05.2020
Sendt: 20.05.2020
Besvart: 02.06.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Steinar Karlstrøm (A)

Spørsmål

Steinar Karlstrøm (A): Hva kan klima- og miljøvernministeren gjøre for at befolkningen i Finnmark kan fortsette å bruke snøscooter også etter 5. mai når det er slike enorme snømengder som nå?

Begrunnelse

I Finnmark er det kultur, tradisjon og stort engasjement i det å kunne bruke og ferdes i naturen, noe det har vært i alle tider. De senere årene har det også vært benyttet motorkjøretøy, og i særdeleshet snøscooter, i forbindelse med rekreasjon og fiske. Den fineste tiden på vidda er utover våren når sola og varmen er tilbake. Og enkelte år når det er sen vår, som i år, er den fineste tiden i mai måned. På vidda er det i år tilnærmet full vinter og et «folkekrav» om å kunne fortsette scootersesongen så lenge føret og hensynet til naturen, reindrift o.a. tillater det.
I år har det vært spesielt mye snø. Det er i enkelte områder 1,5 m snø på flat mark. Når da en nektes kjøring etter 5. mai føles det svært urettferdig. På samme tid kan en se fjordene i sør fylles med fritidsbåter og fri bruk av sjøarealene.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg har forståing for at folk i Finnmark ønskjer å bruke snøscooter til mellom anna rekreasjon og fiske no som snøen ligg lenge. Det er i utgangspunktet eit forbod mot snøscooterkøyring etter 5. mai. Årsaka til forbodet er særleg at denne perioden på våren er særs kritisk for rein og for dyrelivet elles. Det er viktig at tamrein, fugl og vilt får ro i den mest sårbare tida på året.
Fylkesmannen kan gi dispensasjon frå forbodet mot å bruke snøscooterar om våren i "spesielle tilfeller". Søknader frå kommunane skal vurderast konkret, ut frå tilhøva i kvar enkelt kommune. Våren og snøsmeltinga kan ha kome lenger i nokre delar av fylket enn i andre. Fylkesmannen må vurdere kvar sak konkret. Omsyn til naturmangfald og friluftsliv er sentralt i denne vurderinga. Eg meiner at det er gode nok moglegheiter i regelverket i dag til å opne for køyring etter 5. mai, der forholda ligg til rette for det.
Representanten har i grunngjevinga si vist til at "[p]å samme tid kan en se fjordene i sør fylles med fritidsbåter og fri bruk av sjøarealene" og folk i nord ikkje synes dette er rettferdig. Eg meiner det ikkje er rett å gjere ei slik samanlikning. I hekke- og yngletida er det også restriksjonar på ferdsel i skjergarden. I sjøfuglreservat er det på denne tida ofte både forbod mot å gå i land og forbod mot ferdsel i ei viss sone i sjøen rundt. Sjølv om det elles er relativt få reglar om ferdsel på sjøen, er ikkje dette i seg sjølv eit argument for at det same bør gjelde i utmark. For motorferdsel på land har vi vegar. Mange ønskjer å behalde utmarka mest mogeleg fri for motorisert ferdsel. Det betyr ikkje at alle er einige i dette. På dette området er det sterke meiningar på begge sider. Det er likevel brei politisk semje om at motorferdsel bør avgrensast av omsyn til viktige allmenne interesser. Det er difor i stor grad mogeleg å bruke snøscooter og andre motorkøyretøy til nytteføremål, mens reglane er strenge når et gjeld køyring for rein fornøyelse.