Skriftlig spørsmål fra Marit Arnstad (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1532 (2019-2020)
Innlevert: 07.05.2020
Sendt: 07.05.2020
Besvart: 13.05.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Marit Arnstad (Sp)

Spørsmål

Marit Arnstad (Sp): Kan statsråden gjøre rede for framdriften i den dialogen som departementet har lovet beitebrukere, næringsorganisasjoner og kommuner i Nord-Trøndelag som opplever beitenekt i beiteområder, og kan han samtidig avklare om han prinsipielt ser at det kan være riktig å ta ut bjørnebinner i beiteprioriterte områder i beitesesongen 2020?

Begrunnelse

I de nordre og østre delene av Trøndelag – i Namsskogan, Grong, Tydal, Meråker, Verdal, Levanger – kan bønder i realiteten oppleve å få beitenekt i store deler av sommeren på grunn av rovvilt, særlig av bjørn og jerv. Ettersom disse områdene også har en stor gaupebestand og flere kommuner har opplevd tilstedeværelse av ulv, merker landbruk og reindrift i denne regionen et sterkt press fra alle de fire store rovdyrene.
Ordføreren i Grong har henvendt seg til departementet og fått et svar fra departementet om at det jobbes langs ulike spor for å sikre husdyrholdet, og at departementet vil ta kontakt med ordførerne i god tid før beitesesongen. Beitesesongen starter i disse tider, og det haster med å få til løsninger som sikrer beitebruken for enkeltmennesker, næringsdrivende og lokalsamfunn.
Sauebøndene, næringsorganisasjonene og kommunene opplever å «møte veggen» når man prøver å sikre beitebruken i beiteprioriterte områder, stikk i strid med Stortingets klare føringer. Det synes som om regjeringen og de andre statlige aktørene har én prioritet i denne sammenhengen, nemlig å skjerme bjørnebinner i beiteområdene.
Slik det nå framstår, virker det som om regjeringen ikke overholder den todelte målsettingen som skal sikre en fornuftig balanse mellom beitebruk i utmark og rovviltbestandene, men tvert imot bruker beiteprioriterte områder som en salderingspost og gir rovvilt fortrinnsrett i områder hvor de ikke skulle være.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg er godt kjent med tapssituasjonen som var i delar av Trøndelag i fjor sommar. Det er særs viktig at vi finn langsiktige løysingar som kan hindre at vi får ein tilsvarande situasjon komande beitesesong.
Eg viser til at ordførarane i Grong og Namsskogan kommunar hadde møte med politisk leiing i departementet i februar i år. Dei la fram deira syn på tapssituasjonen i beiteprioriterte område i høve til bjørn i delar av Namdalen i 2019 og kva som bør bli gjort for å unngå ein tilsvarande situasjon i år. Ordførarane gav ei tydeleg skildring av at situasjonen var krevjande for to beitebrukarar i det aktuelle området grunna store tap av sau til bjørn i fjor. Både på bakgrunn av møtet og ut frå situasjonen i området i fjor, har vi sett i verk ein prosess for å få best mogleg kunnskap om flest moglege element i dette sakskomplekset. Eit godt kunnskapsgrunnlag er avgjerande når vi skal foreta ei vekting av dei ulike omsyna i denne typen saker. Vi har i vår kontakt med ordførarane i Grong og Namsskogan lova å ha ein dialog med dei. Eg kan orientere om at eg nyleg har vore i kontakt med ordføraren i Grong.
Det nasjonale bestandsmålet for bjørn er 13 årlege ynglingar. I 2019 blei det estimert at vi hadde sju ungekull av bjørn i landet. Det inneber at vi må leggje til rette for ein auke i bjørnebestanden for å nå det målet Stortinget har vedteke. Det regionale bestandsmålet for bjørn for rovviltregion 6, der Trøndelag inngår, er tre årlege ynglingar. I fjor var talet på ynglingar i regionen berekna til å vere 1,9. Totalt 34 bjørner blei registrert i Trøndelag i fjor. Av desse var 12 binner. Det blei registrert seks døde bjørnar i regionen i løpet av 2019. Ei av desse var ei binne. Både nasjonalt og regionalt ligg vil langt under det nasjonale målet for bjørn. Vi veit at binner må vere fire til fem år før dei får ungar, og at dei reproduserer kvart andre eller tredje år. Det er også få ungar som lev opp. I tillegg veit vi at binner ikkje beveger seg langt frå mora sitt heimeområde. Sjølv utan at det blir felt ei einaste binne, vil det ta lang tid før Noreg når sitt bestandsmål for bjørn. I og med at ei binne får ungar kvart andre eller tredje år, vil felling av ei vaksen binne føre til at talet på ynglingar blir redusert med 0,5 – 0,33 årlege ynglingar. Generasjonstida for bjørn er om lag ti år, noko som betyr at det kan ta lang tid å erstatta ei binne som blir felt. Eg meiner det er viktig å ha med dette faktagrunnlaget når det blir spurt om mi prinsipielle haldning til å felle binner i beiteprioriterte områder i år.
Eg er fullt klar over at det er store utfordringar med tap av sau innanfor nokre beiteprioriterte område, som til dømes i Namdalen. Rovviltnemndene skal gjennom forvaltningsplanane fast-sette område prioritert for rovvilt og område prioritert for beitedyr. Det er ikkje alltid grensene som blir fastsett, eller dei areala som blir prioritert til rovvilt, er gode nok til å kunne nå dei fastsette bestandsmåla innanfor områda prioritert til den enkelte rovdyrarten. I Namdalen har vi eit eksempel på ei binne som bruker mykje av tida si innanfor bjørneprioritert område. Denne våren er binna med ungar so langt berre observert innanfor bjørnesona. Samstundes har ho opphelde seg utanfor bjørnesona gjennom delar av året. Når vi samtidig er langt under bestandsmålet for bjørn, er dette krevjande.
Rovviltforvaltninga kan gjennom sine verkemiddel bidra til å finne løysingar som ikkje inneber at freda rovvilt blir felt. Tidleg nedsanking er eit slikt mogleg tiltak. Eit anna er å sjå etter andre gode beiteområde, som ei mellombels løysing. Vi har tal som viser at tap av sau til bjørn på beite kan bli redusert med opp mot 50 prosent ved tidleg nedsanking. Vi har ei god tilskotsordning, og dei beitebrukarane som set i verk slike tiltak får dekt sine meirutgifter.
I nokon saker er det slik at dei ulike prinsippa i rovviltforlika kan vere motstridande. Situasjonen med bjørn i Namdalen er eit slikt tilfelle der målsettinga om å auke bjørnebestanden til bestandsmålet kjem i motstrid til prinsippet om ei tydeleg soneforvaltning. Dette tilseier at eg ikkje finn det rett å på prinsipielt grunnlag gå inn for å felle eller ikkje. Som eg har formidla til Stortinget tidlegare, må vi i kvart enkelt høve vurdere kva som er den beste løysinga. I enkelte tilfelle vil det kunne føre til at freda rovvilt blir felt, men i andre tilfelle vil det føre til at det for eksempel blir gjeve tilbod om førebyggande tiltak, slik som tidleg nedsanking. Eg meiner vi er best tent med at vi erkjenner at det i nokre situasjonar er vanskelege dilemma ein står overfor, og i slike tilfelle bør ein gjere konkrete vurderingar av omstenda.