Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:1531 (2019-2020)
Innlevert: 06.05.2020
Sendt: 07.05.2020
Besvart: 18.05.2020 av finansminister Jan Tore Sanner

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Korleis kan skattesystemet for petroleumssektoren bli justert permanent slik at skattesystemet blir nøytralt?

Begrunnelse

Berekningar frå bransjen viser at dei tener på det framlagde forslaget dersom avkastningskravet er høgre enn omlag 4- 6,5 %. Næringa sjølv seier derimot at forslaget er ei skatteskjerping, men det gjeld kun ved avkastningskrav lågare enn 4- 6,5 %. Finansdepartementet har over lengre tid hevda at skattesystemet allereie stimulerer til for mykje investeringar på sokkelen, fordi skattefrådrag må sjåast på som sikre og at dermed er ei lågare rente aktuell å bruke. Når næringa no sjølv vedkjenner seg at Finansdepartementet har rett, er det betimelig å korrigere for denne skeivheita, ved å sjå på hensiktsmessige justeringar i skatteregime for å få det nøytralt.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Petroleumsselskapa betaler i dag ordinær selskapsskatt på 22 pst. i tillegg til ein særskatt på 56 pst. Etter gjeldande reglar kan ein avskrive driftsmiddel i petroleumsverksemda lineært over seks år i begge skattegrunnlag. Vidare vert det i særskatten gjeve eit frådrag for friinntekt på 5,2 pst. av investeringskostnaden i fire år, samla nominelt 20,8 pst. av investeringskostnaden. Frådrag for rentekostnader vert gjeve i begge skattegrunnlag.
Med nøytral petroleumsskatt siktar ein gjerne til eit system med særskatt der investeringsinsentiva er dei same som dei ville vore med berre selskapsskatt. Det vil seie at alle investeringar som er lønnsame etter selskapsskatt skal verte verande lønnsamme òg etter særskatt, medan alle investeringar som er ulønnsame etter selskapsskatt skal verte verande ulønnsame etter særskatt.
For å oppnå dette må ein behandle investeringar på sokkelen og på land mest mogleg likt i den allmenne selskapsskatten. Det krev mellom anna at investeringar vert avskrive i tråd med økonomisk verdifall. På sokkelen kan ein avskrive driftsmiddel raskare enn dette. Lengre avskrivningstid for driftsmiddel på sokkel i selskapsskatten ville difor gjort systemet meir nøytralt.
Vidare må ein innrette særskatten nøytralt. Ein nøytral særskatt er kjenneteikna ved at det vert gjeve frådrag for noverdien av heile investeringskostnaden, men ikkje meir. Dette kan i hovudsak skje på to måtar, enten gjennom ein periodisert overskotsskatt der investeringsfrådraga vert gjeve over tid, som i dag, eller gjennom ein såkalla kontantstraumsskatt, der selskapa får umiddelbart frådrag for heile investeringskostnaden.
I ein nøytral, periodisert særskatt må ein sette storleiken på investeringsfrådraga (avskriving og friinntekt) slik at noverdien av frådraga er lik investeringskostnaden. Det skal ikkje vere rentefrådrag i ein nøytral særskatt. Så lenge noverdien av frådraga er lik investeringskostnaden, står ein i utgangspunktet fritt til å avgjere tidspunktet for frådraga. Éin variant av den periodiserte grunnrenteskatten skil seg ut. Det er den som treffer det økonomiske overskotet i kvar periode. Då må ein ha avskrivingar som følgjer det økonomiske verdifallet nært.
Alternativt kunne ein lagt om særskatten til ein kontantstraumskatt. Selskapa får då umiddelbart frådrag for 100 pst. av investeringskostnaden, men ikkje friinntekt eller rentefrådrag. Ein slik skatt vil vere nøytral.
Hovudforskjellen på ein nøytral, periodisert overskotsskatt og kontantstraumsskatt er periodisering av skatteinntektene. Over tid vil dei to alternative modellane gje same skatteinntekter, målt som noverdi.