Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:1495 (2019-2020)
Innlevert: 04.05.2020
Sendt: 04.05.2020
Besvart: 14.05.2020 av finansminister Jan Tore Sanner

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): I kva grad vil framlegga til regjeringa frå pressekonferansen 30.04.20 for aktivitet i olje-, gass- og leverandørindustrien – kvar for seg eller ilag - bidra til å sikre jobbar, sikre staten inntektar og bidra til klimavennlege investeringar?

Begrunnelse

Den økonomiske situasjonen er svært krevjande for olje-, gass- og leverandørindustrien. Det hastar å fremje målretta tiltak.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Regjeringa foreslår i Prop. 113 L (2019-2020) mellombelse endringar i petroleumsskatten som vil gi tidlegare frådrag, slik at betalinga av skatt vert utsett og likviditeten til selskapa blir betra.
Forslaga er anslått samla å tilføre petroleumsselskapa betydeleg likviditet, om lag 100 mrd. kroner for åra 2020 og 2021. Over tid er det anslått at forslaget vil auke provenyet med om lag 14 mrd. kroner, målt som noverdi med risikofri rente. Det blir understreka at anslaga er usikre og blant anna vil avhenge av korleis selskapa sine investeringar utviklar seg. For petroleumsselskap som verdset skattefrådraga med eit risikojustert avkastingskrav, kan regjeringas forslag medføre ei skattelette over tid.
Forslaga er meinte å dempe fallet i oljenæringa, men ikkje hindre nødvendig grøn omstilling. Forslaga kan hjelpa leverandørverksemda med å halde hjula i gang ved at forventa kontraktar knytt til nye prosjekt kjem ut på anbod. Dei foreslåtte endringane kan dermed bidra til å motverke ei negativ utvekling med permisjonar, oppseiingar og eventuelt konkursar.
Regjeringa vil òg foreslå ein grøn omstillingspakke for å betre konkurranseevna, omstillinga og bidra til auka utsleppsreduksjonar i næringslivet for perioden etter virusutbrotet. Denne vil leggast fram for Stortinget i slutten av mai.
Se Prop. 113 L (2019-2020) for meir informasjon om forslaget.