Ingrid Heggø (A): Det åpna opp for sesongarbeidere til landbruket. Ei lita bygd som Vik kan dermed få 600 gjestearbeidere. Dette er ikkje helsevesenet i Vik og tilsvarande bygder rigga for.
Kva tiltak vil helseministeren iverksette for å trygge at helsevesenet i små bygdelag ikkje bryt saman som følgje av sesongarbeidere under pandemien?
Begrunnelse
Koronapandemien er ein ekstraordinær situasjon. Grunngjevinga for hytteforbodet var at helsevesenet i små kommunar ikkje er rigga til å kunne ta imot så mange sesongarbeidere i tillegg til eigne innbyggere nå under koronapandemien. Det same vil vere tilfelle for naudsynte sesongarbeidere i landbruket. Landbruket og matproduksjon er samfunnskritisk. Eg er ikkje kjend med at det gjort eit skille mellom ulik matproduksjon f.eks. bær kontra grønt, eller om det er vurdert andre former for kompensasjon for ikkje å dyrke denne sesongen. Evt. kompensasjon fordi smittevernreglar gjer at produksjonen må reduserast.
Men vert sesongarbeidere sjuke kan dei sannsynlegvis ikkje returnerast, men må få behandling der dei jobbar, og det er ikkje bygdene rundt om i landet rigga for.
Det kan ikkje vere opp til den enkelte kommune å ta denne belastninga åleine. Dette gjeld heller ikkje berre i landbruket, men slik eg har forstått det er det ikkje innført karantene i jordbruket i motsetnad til i andre yrker.