Skriftlig spørsmål fra Tore Storehaug (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1004 (2019-2020)
Innlevert: 18.02.2020
Sendt: 19.02.2020
Besvart: 25.02.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Tore Storehaug (KrF)

Spørsmål

Tore Storehaug (KrF): Kva tenkjer samferdselsministeren å gjere for å førebygge fleire ulukker på E39 ved Kringla?

Begrunnelse

På E39 ved Kringla i Gulen har no femte ulykka skjedd på same stad. Det er utforkøyringsulukker i ein relativt krapp sving. Alle ulykkene er i databasen til SVV registrert på nøyaktig same stad og med nøyaktig same årsak. Svingen verkar for å vere feil dimensjonert. Det er sett opp skilt med tilrådd 60 km/t i svingen. I tillegg til at svingen verkar for å vere feil dimensjonert, går første del av svingen (frå sør) over ei lita elv. Det gjer at her kan vere glatt, sjølv om vegen elles er berr. Dette må ein vere lokalkjent for å vite. Alle utforkøyringane har enda i elva. Det er autovern i svingen, men køyretøya har enten køyrt ut før autovernet, gått gjennom eller kvelva over. Siste ulukka gjekk ein bil med fire personar rundt, hamna heldigvis på hjula og takka vere låg vassføring gjekk ikkje vatnet høgre enn til seta. Folk som køyrer E39 jamnleg karakteriserer svingen som den farlegaste på E39 mellom Bergen og Sogn.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Statens vegvesen opplyser at de allerede sammen med entreprenør har vært på befaring på det aktuelle stedet. Det er planlagt å skifte ut rekkverket på brua med et kraftigere rekkverk med underskinne. Rekkverket vil også forlenges og endeavslutningen vil bli i form av en støtpute.
Arbeidet er allerede bestilt til utførelse og vil bli utført straks materiell og utstyr er produsert.