Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:605 (2019-2020)
Innlevert: 19.12.2019
Sendt: 20.12.2019
Besvart: 09.01.2020 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Hvor mye penger bruker Bane NOR årlig på kommunikasjon, merkevarebygging og designarbeid, hhv. internt i egen organisasjon og gjennom kjøp av tjenester fra eksterne, og mener statsråden som eier at dette er en fornuftig pengebruk?

Begrunnelse

Ifølge Minerva 10. desember 2019 er det 50 personer som er ansatt for å jobbe med kommunikasjon i Bane NOR. Til sammenligning har First House, som er et av Norges største kommunikasjonsbyråer, 35 ansatte. I følge pressesjef i Bane NOR, Thor Erik Skarpen, har Bane NOR til sammen tolv personer med titler som direktør, sjef eller leder innenfor kommunikasjon.
12. november i år kom det frem gjennom Kampanje at Creuna hadde vunnet konkurransen om å drive merkevare- og designarbeid for Bane Nor i årene fremover. De får dermed oppgaven med å lage en merkevarestrategi for Bane Nor, en ny merkevareplattform, utvikle kommunikasjonskonsept, være rådgiver for Bane Nor i forvaltning og videreutvikling av merkevarepraksis og levere grafiske designtjenester. Avtalen om designtjenester har en ramme på 33 millioner kroner i en seksårsperiode. Det er i tillegg satt av 21 millioner kroner til merkevaretjenester i samme periode.
Bane NORs formål er «å sørge for tilgjengelig jernbaneinfrastruktur og effektive og brukervennlige tjenester, inkludert knutepunkts- og godsterminalutvikling.» Bane NOR SF er 100 prosent eid av staten og er underlagt Samferdselsdepartementet.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Kommunikasjon er ein naudsynt del av verksemda til Bane NOR. Særskilt gjeld dette kommunikasjon som føretaket skal ha med kundane slik at dei får lett tilgang til informasjon om avvik eller endringar i tilbodet. Dette bidreg til at det er lettare for kundane å orientere seg på ein måte som gjer at fleire vel å reise med toget. Dette skjer gjennom samarbeid med andre aktørar på jernbana. Kommunikasjon som bidreg til betre informasjon for kundane meiner eg er grunnleggande bra. Eg har naturligvis ei klar forventning til at ein alltid opptrer på eit vis som gjer at ein hushalderer godt med pengane, også når formålet er godt. Dette gjeld også i dette tilfellet. Bane NOR bruker også ein del ressursar på kommunikasjon med grunneigarar, entreprenørar og lokalsamfunn. Som ein del av planlegginga og utbygginga av infrastruktur er dette naudsynt.
Regjeringa har med jernbanereforma lova meir jernbane og betre tenester for pengane som Stortinget løyver. Som eigar av Bane NOR, har eg høge forventningar til kostnadseffektivitet. Regjeringa satsar stort på utbygging av jernbana. Utbygginga påverkar kvardagen til mange menneske, noko som fordrar godt kommunikasjonsarbeid. Nabokontakt og kommunikasjon er eit krav i plan- og bygningslova, men også noko Bane NOR prioriterer for å ivareta sine interessentar. Halvparten av kommunikasjonsrådgivarane i Bane NOR jobbar med denne delen av verksemda. Tryggleikskampanjar og rekruttering av tilsette er også ein del av kommunikasjonsarbeidet, der både konsulentar og eigne tilsette medverkar.
Bane Nor opplyser at dei har omlag 50 årsverk knyta til kommunikasjonsarbeid. Desse 50 årsverka utfører det meste av kommunikasjonsarbeidet til Bane NOR. I tillegg vert det i eit varierande omfang brukt eksterne konsulentar. Desse vert i hovudsak nytta til å auke kvaliteten på brukartenester, som til dømes utvikling og forbetring av informasjonen til dei reisande på stasjonane og i mobilappar.
Eg forventar at Bane NOR, og alle dei andre aktørane på jernbana jobbar for å ivareta dei reisande på ein god og kostnadseffektiv måte. Dei konkrete vurderingane av ressursbruken i selskapet vert føreteke av styret.