Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:413 (2019-2020)
Innlevert: 28.11.2019
Sendt: 29.11.2019
Besvart: 06.12.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Muligheten til å kjøpe miniprisbilletter til kr 199 kan være avgjørende for at folk velger toget framfor andre transportmidler som bil og fly. I forbindelse med regjeringens jernbanereform og konkurranseutsetting forsvinner denne muligheten på Sørlandsbanen.
Vil minipris forsvinne også på Nordlandsbanen, er dette en tilsiktet virkning av konkurranseutsettinga, og vil statsråden iverksette kompenserende tiltak for å videreføre muligheten for å kjøpe miniprisbilletter?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Konkurranseutsettinga av persontrafikken på jernbane har som føremål å gje dei reisande eit togtilbod som er minst like bra som i dag, og som gjev togselskapa sterke incitament til å vidareutvikla og forbetra togtilbodet slik at endå fleire vel toget. Det er føresegner i Jernbanedirektoratet sine trafikkavtalar, blant dei òg direktekjøpsavtalane med Vy, som regulerer korleis togoperatørane kan prisa ordinære billettar, både einskildbillettar og 30-dagarsbillett. Desse føresegnene skal sikra at ordinære billettar på Sørlandsbanen, Nordlandsbanen og andre jernbanestrekningar ikkje blir dyrare enn i dag. Vidare er det minstekrav for sosiale rabattordningar på reiser innanlands for å sikra rimelegare billettar til utvalde grupper (barn, studentar og honnør).
Direktoratet regulerer ikkje rabattane til selskapa då dette er kommersielle fridommar innanfor dei nemnde avtalane. Trafikkavtalane inneheld likevel sterke incitament til trafikkvekst ved at togselskapa beheld billettinntektene. Hensikta med dette er å motivera selskapa til å tiltrekka seg fleire reisande. Ulike rabattordningar utover dei avtalefesta ordningane er, basert på røynsle, eit effektivt tiltak for å få endå fleire til å reisa med tog. Som representanten Mosleth er inne på: Pris kan vera avgjerande for om folk vel tog framfor fly eller bil. Samstundes er det viktig at togselskapa er innovative når det gjeld å utvikla tilleggsprodukt som kundane ønskjer og etterspør, og som dei er villige til å betala ekstra for.
Det ligg til togselskapa sjølv, ut frå marknadsmessige vurderingar, å avgjera sin eigen kommersielle rabattstruktur og kor mange lågprisbillettar dei legg ut for sal, til dømes ordningar som årskort og kundekort. Innanfor dei enkelte fjerntogtrekningane, til dømes frå Stavanger til Kristiansand, eller frå Kristiansand til Oslo, ser vi at lågaste pris med Go-Ahead Norge dei første månadene etter trafikkstart ligg omtrent på same nivå som Vy sin minipris. Det er når reisa går over begge desse strekningane at prisane kan bli noko høgare enn dagens minipris. I den samanhengen er det viktig å påpeika at det er ein beskjeden del av kundane på Sørlandsbanen dette gjeld: Berre tre prosent av dagens kundar reiser i kombinasjon med anna fjerntogstrekning, og for kundar som kjøper minipris på denne reisa kan billettprisen bli dyrare. For kundar med ordinære billettar og sosiale rabattar blir det ingen endringar. Vidare er det ca. fem prosent av kundane på Sørlandsbanen som reiser til/frå intercity-strekningane, og kundar med miniprisbillett vil for denne kombinasjonen òg kunne oppleva ein prisauke. Men prisauken for denne gruppa blir lågare sidan minipris har mindre priseffekt på kortare strekningar.
Utforminga av trafikkavtalane motiverer òg togselskapa til å samarbeida om å utvikla gode pristilbod når reisa skjer med to selskap fordi begge er tente med å få fleire reisande. Go-Ahead Norge har allereie signalisert at selskapet på sikt ønskjer å sjå på samarbeid om gjennomgåande rabattering.