Skriftlig spørsmål fra Anne Sandum (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:35 (2019-2020)
Innlevert: 04.10.2019
Sendt: 07.10.2019
Besvart: 14.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Anne Sandum (A)

Spørsmål

Anne Sandum (A): I lys av det såkalte bompengeopprøret og det faktum at biltrafikken på E-18 inn til Oslo går ned, kan statsråden ta initiativ til å se om det kan gjøres endringer i planleggingen av E-18 som kan bidra til å redusere bompengebelastningen for bilistene?

Begrunnelse

Statens vegvesen leverte 1.oktober 2019 svar på oppdragsbrev nr. 1 fra samferdselsdepartementet i forbindelse med neste NTP. I vedlegg nr. 1 s 17 i dette står det om etappe tre av E-18, vurderinger av mål og besparende tiltak.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: E18 Vestkorridoren (Lysaker – Drengsrud) omfattar tre prosjekt/delstrekningar; Lysaker – Ramstadsletta, Ramstadsletta – Slependen og Slependen – Drengsrud. Det er fastsett styringsmål for kostnadene på delstrekningane Lysaker – Ramstadsletta og Ramstadsletta – Slependen, noko som inneber stram kostnadsstyring i vidare planlegging og gjennomføring.
For delstrekningen Lysaker – Ramstadsletta ligg det føre vedtatt reguleringsplan, og prosjektet er no til ekstern kvalitetssikring (KS2).
For delstrekningane Ramstadsletta – Slependen og Slependen – Drengsrud ligg det føre vedtatte kommunedelplanar. Som ein del av grunnlaget for Nasjonal transportplan 2022-2033 har Statens vegvesen vurdert moglege tiltak for å redusere kostnadene på desse to delstrekningane. For delstrekningen Ramstadsletta – Slependen er det naturleg at vidare optimalisering og kostnadsreduserande tiltak blir vurderte i det kommande reguleringsplanarbeidet. For delstrekningen Slependen – Drengsrud har Statens vegvesen signalisert at det kan vere aktuelt å sjå på nye løysingar.
Dette er innspel som eg vil vurdere i det vidare arbeidet med Nasjonal transportplan 2022-2033.
Regjeringa jobbar alltid for å finne kostnadsreduksjoner som også kjem bilistane til gode, det gjer vi også på dette prosjektet.
Dette er eit viktig prosjekt som vi gjerne vil realisere, men då må vi bruke tida framover på å kome vidare i prosjektet, framfor å forsøke å skru tida tilbake slik enkelte i dag synes å ville.