Skriftlig spørsmål fra Sverre Myrli (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:21 (2019-2020)
Innlevert: 04.10.2019
Sendt: 04.10.2019
Besvart: 11.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sverre Myrli (A)

Spørsmål

Sverre Myrli (A): I sommer ble togfremføringsforskriften endret.
Hvordan har Jernbanetilsynet vurdert denne endringen, og mener statsråden at sikkerheten på norsk jernbane er minst like god nå etter endringen av togfremføringsforskriften som før endringen?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Den gamle togframføringsforskrifta (forskrift 29. februar 2008 nr. 240 om togframføring på det nasjonale jernbanenettet) vart oppheva 16. juni 2019 og erstatta av TSI OPE-forskrifta (forskrift 19. juni 2012 nr. 564 om gjennomføring av TSI-drift og trafikkstyring på det nasjonale jernbanenettet). TSIane vert jamnleg oppdaterte for å reflektere den teknologiske utviklinga, og utviklinga i det omkringliggande regelverket. Til dømes vart innhaldet i TSI OPE vesentleg endra gjennom kommisjonsforordning (EU) 2015/995.
Fram til 16. juni 2019 var TSI OPE-forskrifta gjeldande i parallell med togframføringsforskrifta, for å gi tid for nasjonal gjennomføring i medhald av ein eigen gjennomføringsplan.
Dei tekniske spesifikasjonane for samtrafikk (TSIane) skal syte for at tog kan køyre på sitt tiltenkte bruksområde, og at infrastruktur og tog skal passe saman. Målet er å ha eit likt jernbanesystem i heile Europa, men det er mange tekniske og geografiske hindre som gjer det vanskeleg å realisere utan særlege tilpasningar.
TSI OPE stiller mellom anna grunnleggande krav til personalet om bord i toga. Den inneheld ikkje krav til bemanning. Det er til dømes togselskapa som ut frå ei vurdering av risiko bestemmer korleis dei vil bemanne toga. Her er det likevel eit stort MEN – dei må legge til grunn dagens ordning og risikobilete viss dei vil gjere endringar. Det inneber at dei må vurdere om endringa fører med seg ei endring av risikoen. Viss endringa fører med seg ei økt risiko opp mot dagens ordning, skal ho ikkje gjennomførast.
Eg har motteke opplysningar om at Statens jernbanetilsyn no er i ferd med å gjennomføre tilsyn for å sjå korleis risikoen er handsama i gjennomføringa av TSI OPE.
I jernbanesektoren er det, som i mellom anna offshore- og luftfartsektoren, eit prinsipp om at verksemdene skal sikkerhetsstyres etter ein risikobasert tilnærming. Det vil då vere kvar einskilde verksemd som sjølv skal fastsetje sine eigne sikkerheitskrav. Dette skal vere ein del av deira sikkerheitsstyringssystem, som Statens jernbanetilsyn fører tilsyn med. Det finst no omfattande krav til utforminga av og innhaldet i slike sikkerheitsstyringssystem, og dette blir gått nøye gjennom av jernbanetilsynet før togselskapa får sikkerheitssertifikat. Bane NOR fastset i tillegg krav for dei som kjøyrer på jernbanenettet, og desse må verte fulgt i medhald av sportilgangsavtala. Eit av desse områda som det no er opp til Bane NOR å regulere er signalar, både kva signal som skal vere på jernbanen og tydinga av desse. På dette området er det framleis mogleg for Statens jernbanetilsyn å fastsetje eigne forskrifter. Tilsynet held dette området under oppsikt, og eg er trygg på at dei vil nytte høvet til å gje forskrifter om det viser seg å vere nødvendig.
Det følgjer av det som er sagt over at eg ikkje er bekymra for tryggleiken ved opphevinga av togframføringsforskriften, og eg legg til grunn at Statens jernbanetilsyn følgjer nøye med på utviklinga.