Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2356 (2018-2019) Innlevert: 30.09.2019 Sendt: 30.09.2019 Besvart: 04.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Arne Nævra (SV): Det har vært en viktig praksis i Statens Vegvesen å ha årlige kontroller av utenlandske vogntogs dekk/kjettinger på grenseovergangene i forkant av vintersesongen. Årets kontroll i uke 47 har blitt kuttet ut. Dette er veldig beklagelig og stikk i strid med det statsråden og statsministeren har lovet etter alle ulykkene med utenlandske vogntog sist vinter, da det angivelig skulle innføres strengere kontroller.Kjente statsråden til denne stansen i kontroll uke 47, hvis ikke, vil han ta initiativet til å gjennomføre den?
Jon Georg Dale: Statens vegvesen gjennomfører omfattande kontrollaktivitetar gjennom heile vintersesongen, med eit særleg fokus på utanlandske vogntog ved grenseovergangane. Det er Statens vegvesen som til kvar ei tid prioriterer ressursbruken tilpassa sentrale krav og prioriteringar. Desse prioriteringane går fram av Statens vegvesen sin strategi for kontroll med dekk og kjetting i vintersesongen 2019.Den aktuelle storkontrollen som var planlagt til veke 47, er ein kampanje som normalt blir gjennomført kvart år på Austlandet ved grenseovergangar. Statens vegvesen opplyser at kampanjen ikkje blir gjennomført i år fordi regionen arrangerer ein nasjonal felleskontroll i veke 44. Sjølv om kampanjen ikkje blir gjennomført, har ikkje det innverknad på prioriteringane eller den totale kontrollaktiviteten til Statens vegvesen. Kontrolltrykket oppretthaldast, og spesifikke grensekontrollar med særlig fokus på utanlandske vogntog gjennomførast fortløpande. Kontroll med dekk og kjetting, både på og utanfor grenseovergangane, har høg prioritet for regjeringa og for Statens vegvesen gjennom heile vintersesongen.