Skriftlig spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:2130 (2018-2019)
Innlevert: 21.08.2019
Sendt: 21.08.2019
Besvart: 29.08.2019 av forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Vil statsråden opna for forsøksordningar som t.d. å seinka karakterkravet i matematikk og at studentane i lærarutdanninga på 1-7 og 5-10 kan gå i lag dei første to åra?

Begrunnelse

Dette for om mogleg å auka rekrutteringa ved lærarutdanninga, og då særleg for dei som skal undervisa i småskulen. Det er spesielt dei mindre høgskulane i distrikta som har låge søkartal.
Me går mot ein stor lærarmangel, og då spesielt i distrikta.
Det at lærarutdanninga no har blitt 5-årig og er inndelt i GLU 1-7 og GLU 5-10, inneber at spesielt dei mindre høgskulane er sårbare, og det er spesielt studiet for dei som skal i småskulen GLU 1-7, som har lågt søkartal.
Ved Høgskulen på Vestlandet, HVL, er situasjonen no ved studiestarten i 2019 at Stord har 54 studieplassar for GLU 1-7, men bare 16 studentar, og for Sogndal, som har 36 studieplassar på GLU 1-7 er det om lag 20 studentar. Også ved Bergen er det no dårlegare søking til GLU 1-7.
I dag kan du ha 6 i norsk og 3 i matematikk frå vidaregåande og du får ikkje bli norsklærar gjennom lærarutdanninga ved høgskule.
Men du kan ha 3 i norsk og 4 i matematikk og likevel bli norsklærar.
Norsklærar kan du likevel bli med elendige matematikkarakterar viss du tek utdanninga gjennom universitet eller ved ulike nett- og samlingsbaserte utdanningsløp.
Det verkar diskriminerande i høve den femårige lærarutdanninga ved høgskule, og skulle tilseia at det bør gjerast nokre grep.

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Eg deler representanten Rommetveit sitt engasjement for å få fleire kvalifiserte grunnskulelærarar. Saman med universiteta og høgskulane våre arbeider regjeringa systematisk med å styrkje statusen til lærarane og kvaliteten på utdanninga, mellom anna gjennom dei femårige grunnskulelærarutdanningane (GLU) og strengare krav til dei som skal bli lærarar. Det er oppretta ordningar for å slette studielån for dei som tek seg jobb som lærar etter å ha fullført utdanninga. Universitet og høgskular har fått midlar øyremerka rekrutteringsarbeid, og statsråd Sanner og eg har begge prioritert rekruttering til lærarutdanningane høgt når vi har besøkt institusjonar rundt om i landet. I 2018 og 2019 er søkinga til lærarutdanningane på eit langt høgare nivå enn før. Det er òg sett av pengar og lagt til rette for at dei som arbeider i skulen utan fullført lærarutdanning, kan kvalifisere seg.
SSB har i alle sine framskrivingar (Lærermod) varsla lærarmangel i framtida, og dette tek vi på alvor. Slike framskrivingar er ikkje prognosar, men kunnskapsgrunnlag for å sette inn tiltak. Tidlegare har det vore framskrive ein langt større lærarmangel enn det vi ser i dag. Den siste framskrivinga frå SSB baserer seg på situasjonen slik den var i 2017. Vi veit mellom anna at talet på søkjarar til lærarutdanningane har auka i 2018 og 2019. Vi ventar òg at gjennomføringa vil bli betre i framtida. Eg veit at distrikta er sårbare og vil halde fram med å arbeide for å auke rekrutteringa i heile landet.
I 2019 vart det nasjonalt sendt ut fleire tilbod om studieplassar i GLU 1–7 enn nokon gong tidlegare, noko som kan tyde på at fleire søkjarar er kvalifiserte no enn før. Då det vart innført karakter- og poengkrav for opptak til allmennlærarutdanninga i 2005, gjekk delen studentar som hadde gjennomført etter seks år, opp med 10 prosent. Etter dette har gjennomføringsdelen halde seg på eit høgare nivå, sjølv etter at storleiken på kulla har teke seg opp. Dei siste åra har fråfallet etter første studieår gått ned. Til dømes gjekk fråfallet etter første studieår i GLU 1–7 ned frå 18,4 til 15,4 prosent frå 2016-kullet til 2017-kullet.
Opptakskrava til grunnskulelærarutdanninga og lektorutdanninga er 35 skulepoeng, karakteren 3 i norsk og karakteren 4 i fellesfaget praktisk matematikk, eller bestått i matematikk som programfag. Praktisk matematikk legg vekt på rekneteknikkar og praktiske emne, som prosent, indeksar, økonomi, areal og volumrekning.
Kravet om karakteren 4 i matematikk er eitt av fleire tiltak for at fleire studentar skal gjennomføre lærarutdanningane. Frå forsking veit vi at studentar med gode karakterar frå vidaregåande skule, har betre føresetnadar for det. Høgare opptakskrav handlar ikkje berre om matematikk, det handlar òg om at vi vil rekruttere dei beste og heve statusen for utdanninga og yrket.
Eg er kjend med at enkelte aktørar har foreslått å erstatte karakterkravet i norsk og matematikk med eit generelt krav om 40 skulepoeng. Eg minner om at det er obligatorisk for alle studentane i GLU 1–7 med minst 30 studiepoeng matematikk. Som utdanna lærarar skal dei kunne undervise i matematikk i skulen.
Vi veit at mange studentar har hatt vanskar med å fullføre matematikkfaget. For nokre kan dette ha hatt innverknad på gjennomføringa av utdanninga. Firarkravet i matematikk vart innført i 2016. Førebelse tal frå Database for statistikk om høyere utdanning (DBH) viser ein klar tendens til at strykprosenten i matematikk i grunnskulelærarutdanninga går ned i 2017 og 2018. Om denne tendensen held fram, kan det på sikt gi oss fleire lærarar. Dersom ein vel å halde på matematikkravet i 1–7-utdanninga, men ta det bort for 5–10-utdanninga, kan dette gå ut over rekrutteringa til GLU 1–7.
Det er òg slik at same kva fag lærarane skal undervise i, skal dei ha kompetanse til å integrere dei grunnleggande ferdigheitene lesing, skriving og rekning i faget. Dette krev god forståing og kompetanse i matematikk. Dei fleste lærarane i grunnskulen underviser i mange fag. Dette gjeld ikkje minst på små skular i distrikta.
Det stemmer at dei studentane som tek ei mastergrad i fag, og deretter praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), ikkje treng å oppfylle karakterkravet i matematikk. Når desse kandidatane blir tekne opp til PPU, har dei allereie gjennomført masterutdanninga si. Dei blir likevel ikkje kvalifiserte for å undervise på skuletrinna 1–4.
Etter lov om universitet og høgskular § 1-2 (4) kan departementet, etter innstilling frå styret ved ein UH-institusjon, vedta unntak frå lov eller forskrift i samband med tidsavgrensa pedagogiske eller organisatoriske forsøk. Institusjonane som tilbyr GLU, kan søkje om forsøksordningar som gjeld opptak til utdanninga. Eg vil sjølvsagt vurdere eventuelle søknader som kjem inn, men eg vil understreke at krav til lærarstudentar er godt grunngjeve, og vi ser at det gjev oss studentar med betre evne til å gjennomføre utdanninga. Alle elevar i skulen har krav på lærarar med høg kompetanse. I sommar har eg godkjent ei forsøksordning for at tilsette i undervisningsstillingar, som ikkje har fullført heile lærarutdanninga si, kan fullføre den fireårige utdanninga innen 2025. Studentane som blir tekne inn til denne ordninga, har møtt opptakskrava som gjaldt då dei begynte på utdanninga. Dei som begynte på utdanninga før 2016, er fritekne for kravet om karakteren fire i matematikk.
Representanten spør òg om eg vil opne for forsøk med til dømes å la studentane i GLU 1–7 og GLU 5–10 gå i lag dei første to åra, som eit tiltak for å auke rekrutteringa særleg for dei som skal undervise i småskulen. Som nemnt, kan styra ved institusjonane søkje departementet om forsøksordningar, og alle søknader blir vurderte. Eg minner likevel om at dei to utdanningane er ulikt innretta og at det berre er faget pedagogikk og elevkunnskap (PEL) som er obligatorisk i begge utdanningane. PEL er spissa mot klassetrinna som utdanninga er retta mot, og berre 30 av dei 60 studiepoenga i faget er lagt til dei tre første åra. Det inneber at det vil ha lita hensikt å køyre to år av utdanningane saman. Då rammeplanane for grunnskulelærarutdanningane vart utvikla i 2015, blei det særskilt vurdert om ein skulle ha ei eller to utdanningar. Den gongen tilrådde universiteta og høgskulane eintydig å halde på to utdanningar. Med midlar frå regjeringa blir det no vurdert korleis lærarar som er utdanna for høgare klassetrinn, kan kvalifisere seg for å undervise på trinn 1–4.
Forskriftene for grunnskulelærarutdanningane opnar for at lærestadane kan vurdere å legge til rette for felles undervisning i tema som overlappar mellom GLU 1–7 og GLU 5–10. Det gjeld tema som er knytt til årstrinna 5–7, til vitskapsteori og metode og til enkelte fagemne, som til dømes arbeid med eigne ferdigheiter i praktiske og estetiske fag. Det er institusjonane som har ansvar for, og kompetanse til, å vurdere nytta av slik samordning, opp mot det som er føremålet med to ulike utdanningar.