Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:2103 (2018-2019)
Innlevert: 16.08.2019
Sendt: 19.08.2019
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 27.08.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva tiltak gjer regjeringa for å trygge at me óg i framtida har norske piloter og anna flygande personell i Noreg og på ruter til og frå Noreg?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Det er i dag ikkje eit krav om at norske flyselskap skal vere bemanna med norsk personell, berre at dei har sertifikat gyldige i EØS-området. For å operere omfattande flytrafikk i Noreg vil operatøren normalt opprette ein eller fleire baser i Noreg, anten operatøren er norsk eller frå eit anna EØS-land. Alt flygande personell tilknytt desse basane vil ha same rettigheiter anten dei er norske eller kjem frå andre EØS-land. Luftfartstilsynet opplyser om at talet godkjende norske sertifikat har vore stabilt dei siste åra.
Kva gjeld utdanning av flygande personell i Noreg har vi fleire flyskular i dag, og fleire av dei har utvida aktiviteten og har ytterlegare planar om vekst.