Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:2003 (2018-2019)
Innlevert: 28.06.2019
Sendt: 01.07.2019
Rette vedkommende: Finansministeren
Besvart: 03.07.2019 av finansminister Siv Jensen

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): EU har ein konflikt med Efta-landet Sveits. Noreg er i utgangspunktet ikkje part i denne konflikten, men vi er medlem av Efta og har i likskap med Sveits avtalar med EU. Finanstilsynet stadfester no at Noreg likevel vil delta på EU si side og gjennomføre straffetiltak mot Sveits.
Tykkjer statsråden det er uproblematisk at Noreg går til eit slikt skritt mot eit anna Efta-land, og meiner ho Noreg sin situasjon er mest lik Sveits eller EU sin?

Begrunnelse

Eg vil fyrst streke under at det i første del av spørsmålet finst to svaralternativ, «ja» eller «nei», og at det i andre del av spørsmålet finst to andre moglege svaralternativ, «Sveits» eller «EU». Eg opplever ofte at statsrådane ikkje svarer konkret på spørsmåla eg stiller og vil difor venleg be statsråden velje eitt svaralternativ for kvart delspørsmål, og så kan ho sjølvsagt grunngje svaret sitt om ho til dømes skulle ynskje å nyansere det.
Bakgrunnen for spørsmålet mitt er at det framstår som oppsiktsvekkande og radikalt å delta i straffeaksjonar mot eit venlegsinna land og ein god samarbeidspartnar i Efta. Eg kjenner ikkje til at Noreg har behandla venlegsinna land på ein slik måte tidlegare. Noreg har ingenting uoppgjort med Sveits – og aller minst i denne konkrete saka, der vi på mange måtar har samanfallande interesser med Sveits. Konflikten mellom Sveits og EU handlar i stort om mange av dei same problema som Noreg opplever i tilhøvet til EU, som sjølvstende, likeverd og retten til å ta vare på eige land og eigne særtrekk. Den aksjonen EU (og Noreg) no fører mot Sveits kan sjåast på som utpressing mot Sveits, der ein frå EU si side freistar presse Sveits med økonomiske pressmiddel til å gje EU ein betre avtale enn ein elles ville fått. Jamvel om det med sitjande regjering kan opplevast som reint hypotetisk, så kan Noreg om nokre år finne seg i same situasjonen som Sveits – at vi faktisk forhandlar med EU. Då trur eg det vil vere i både norske og sveitsiske interesser om vi kan ha Sveits på vår side – eller iallfall at Sveits let vere å innføre straffetiltak for å presse Noreg til å gje etter for EU sine krav. Det er flaut og trist at Noreg no straffar Sveits for at dei ikkje vil late seg herse med av EU.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Norge legger stor vekt på gode relasjoner til våre handelspartnere. Både EU og Sveits vil fortsette å være viktige relasjoner fremover gjennom henholdsvis EØS-avtalen og EFTA-samarbeidet.
Det norske finansmarkedet er gjennom EØS-avtalen en integrert del av det indre markedet. For norsk finansnæring og for norsk økonomi er tilgangen til det indre marked av stor betydning. Tilgang til det indre marked er blant annet viktig for innhenting av kapital til norske bedrifter.
EU kan fatte beslutninger om likeverdighet for tredjelands handelsplasser. Det har EU gjort overfor Sveits. Slike likeverdighetsbeslutninger fattes med hjemmel i det felles verdipapirmarkedsregelverket (MiFID II og MiFIR), som har som formål å sikre høy investorbeskyttelse, velfungerende markeder og finansiell stabilitet i det indre marked. Likeverdighetsbeslutningene er bygget opp med en utløpsdato, og EU-kommisjonens vurdering av sveitsiske handelsplasser som likeverdige utløp 30. juni i år. Som deltaker i det indre marked, får det betydning også for Norge. Det er ikke praktisk mulig for Norge å både være fullt ut del av det europeiske verdipapirmarkedet og samtidig ha andre regler for hvem som kan være aktører på markedsplassene.
Det er ikke indikasjoner på at det vil få nevneverdige praktiske konsekvenser for det norske verdipapirmarkedet og norske aktører at likeverdighetsbeslutningen for sveitsiske handelsplasser ikke er forlenget.