Liv Signe Navarsete (Sp): Noregs offisers- og spesialistforbund (NOF) melder at forsvarstilsette vil måtte skatte av pendlarreiser over 97 000 kroner i året. Resultatet kan verte at essensielt personell vil slutte i jobben.
Var statsråden klar over denne konsekvensen då ho fekk gjennom dei nye skattereglane for naturalytingar i statsbudsjettet, meiner ho konsekvensen er rimeleg og vil ho føreta seg noko for å rette opp i dette?
Begrunnelse
Eg ventar at statsråden kan svare tydeleg anten ja eller nei på kvart av dei tre delspørsmåla. Eg ventar også at statsråden vurderer saka både ut frå Forsvaret sine behov og ut frå kva som er rimeleg behandling av einskiltpersonar som kan ha tilpassa livet og familielivet sitt til Forsvaret sine behov og som kan få ordre om å flytte, m.a. som fylgje av nedlegging av tenestestader eller tenestelege behov for Forsvaret.