Skriftlig spørsmål fra Kristian Torve (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1912 (2018-2019)
Innlevert: 20.06.2019
Sendt: 20.06.2019
Besvart: 26.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Kristian Torve (A)

Spørsmål

Kristian Torve (A): Vil statsråden komme SJ og innbyggerne langs Dovrebanen i møte ved å sikre nødvendig infrastruktur som krysningsspor slik at målet om totimersfrekvens kan realiseres mellom Trondheim og Oslo?

Begrunnelse

På sin pressekonferanse mandag 17. juni uttalte SJ-sjef for den internasjonale virksomheten ifølge lokalavisa OPP at «vi skal ha flere togavganger». I OPP 20.06 bekrefter SJ at det blir satt opp to ekstra avganger både nordgående og sørgående på strekningen.
Både SJ og kommunene deler målet om totimersfrekvens langs Dovrebanen. Det er imidlertid vanskelig å utvikle tilbudet ytterligere før helt nødvendig infrastruktur er på plass. Dovrebanen vil bli viktig for å sikre god fremkommelighet og dekke økt etterspørsel når utbyggingen av ny E6 Ulsberg-Melhus iverksettes og skal pågå i årene fremover.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Jernbanedirektoratet har orientert Samferdselsdepartementet om at det i trafikkavtala med SJ Norge AS er stilt krav om eit rutetilbod på nivå med tilbodet i dag. I tillegg er det opna for forbetringar av tilbodet ut over minstekrava. Jernbanedirektoratet kan òg løyse ut opsjonar til moglege utvidingar av tilbodet. Mellom anna omfattar det ein ny avgang kvar veg Oslo S - Trondheim måndag til fredag, og søndag, for jamnare frekvens på Dovrebanen.
Regjeringa satsar på jernbane og den pågåande utbygginga av jernbana på Austlandet betyr òg at fjerntogtrafikken kan hausta gevinstar. Jernbanedirektoratet har som innspel til komande Nasjonal transportplan (NTP) greidd ut moglegheita for auka trafikk på fjerntogstrekningane, og konklusjonen er at fleire fjerntog gjev god effekt for samfunnet. I utgreiinga kjem det vidare fram at ei totimars grunnrute på strekninga Oslo-Trondheim vil vera samfunnsøkonomisk lønsam mot slutten av inneverande NTP-periode, når store deler av Inter City-utbygginga er ferdig.
I denne samanheng er det òg viktig å ta omsyn til godstrafikken. Ein totimarssfrekvens på Dovrebanen vil som følgje av fleire kryssingar gje økt køyretid for godstog på dagtid. Dette gjer seg særleg gjeldande på Inter City-strekninga mellom Eidsvoll og Lillehammer grunna enkeltspor og hyppig regiontrafikk. Framføringstida for godstoga på dagtid vil auka med 15-60 minutt. På mellomlang og lang sikt vil dobbeltspor til høvesvis Hamar og Lillehammer gje vesentleg forbetra framføring på denne strekninga òg for godstog.
Eg vil vurdere Jernbanedirektoratet si utgreiing og tilråding i det vidare arbeidet med Nasjonal transportplan 2022-2033. Stortingsmelding om ny NTP vert lagt fram i 2021.