Skriftlig spørsmål fra Ruth Grung (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1906 (2018-2019)
Innlevert: 19.06.2019
Sendt: 20.06.2019
Besvart: 01.07.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): Under valgkampen i 2013 garanterte Høyre byggestart i 2018 av Sotrasambandet som OPS prosjekt. Den manglende kapasitet har store samfunnsøkonomiske kostnader. Det rammer tusenvis av pendlere hver dag. Forsinkelsen kan påvirke utflytting av godshavn til Ågotnes, som har betydning for ny lokalisering av Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet. Det påvirker utviklingen i hele regionen. Statsråden har tidligere svart at OPS-kontrakten for Sotrasambandet skulle utlyses våren 2019.
Når kommer utlysningen?

Begrunnelse

Viser til spørsmål datert 29. januar 2019. Dokument 15:834 (2018-2019).

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Det vises til tidlegare svar på spørsmål i sakens anledning frå representanten Ruth Grung.
Kunngjering av kontrakten på Sotrasambandet er som tidlegare varsla ikkje endeleg fastsett. Årsaka er hovudsakeleg behovet for klargjering og redusering av risiko. Med vedtatt regulering av Storavatnet er noko av risikoen no redusert. Det står likevel framleis att risikoelement som bør avklarast. Dette gjelder særleg:

• Framdrift for omleggingar av høgspentkabel, og usikkerheiter i forhold til leverandørens tidspunkt for tilkomst på området
• Juridiske vurderingar knytt til konkurransegrunnlag og behov for fleksibilitet i kontraktsperioden.
• Avklaring av grunnerverv.
Eg er oppteken av å halde oppe tempoet i saka, og også eg er utolmodig på framdrift. Eg har derfor gitt Statens vegvesen melding om å utarbeide ein tidsplan før sommaren. Her vil tidspunkt for kunngjering av kontrakt inngå.
Realisering av Sotrasambandet er eit prioritert og viktig prosjekt for regjeringa. Eg ventar at ein framdriftsplan ligg føre den fyrste veka i juli.