Tore Storehaug (KrF): Den 31.5 blei kontoen til Middle East Mission stengt av Danske Bank etter 22 års bistandsarbeid via ei lokal kyrkje i Syria.
Kva vil statsråden gjere for å sikre at aktørar som dette får høve til å klage?
Begrunnelse
Under handsaminga av hvitvaskingsloven understreka ein samla finanskomité at "rettstryggleiken til dei som vert nekta bankkonto vert ivareteke. Departementet bør leggje til rette for at fråvik frå kontraheringsplikta kan påklagast på ein enkel og ubyråkratisk måte til eksisterande klageorgan, t.d. Finansklagenemnda.". Vedtaket til Danske Bank har ikkje prøvingsmulighet, verken Finanstilsynet eller Finansklagenemnda vil sjå på saka.