Skriftlig spørsmål fra Tom-Christer Nilsen (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1510 (2018-2019)
Innlevert: 26.04.2019
Sendt: 26.04.2019
Besvart: 03.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tom-Christer Nilsen (H)

Spørsmål

Tom-Christer Nilsen (H): Vil statsråden sørge for at der er større grad av fleksibilitet i bruken av programområdemidlene i forbindelse med byvekstavtaler, slik at det ikke er til hinder for at fornuftige løsninger kan finansieres selv der det ikke er riksvei?

Begrunnelse

Byvekstavtaler er som kjent store spleiselag der stat, fylke og kommuner bidrar for å sikre måloppnåelsen i avtalene. I 50/50 ordningen bidrar staten med halvparten av midlene til det som egentlig er fylkeskommunal/kommunal infrastruktur.
For disse store kollektivprosjektene er fleksibiliteten dermed stor. I forbindelse med sykkel- gangvei og andre kollektivtiltak (programområdemidler) er imidlertid bruken av midler mer rigid.
I dagens NTP står følgende (på s. 159):

«Det innebærer at statlige midler til kollektivtransport-, sykkel- og gangetiltak programområdemidler) kun kan brukes til tiltak langs riksveg.»

Dette kan innebære at fornuftige enkeltprosjekt ikke gjennomføres fordi veiklassifiseringen ikke er riksveg. En kan selvsagt hevde at fylkeskommuner/kommuner kan prioritere midler til dette, men i hovedsak er lokal medvirkning bompenger eller knyttet til realisering av 50/50-prosjektene.
I noen tilfeller kommer også enkelte områder spesielt dårlig ut fordi der ikke er riksvei i deler av området. I Bergensområdet har for eksempel alle kommuner (etter sammenslåinger) utenom en – Askøy – riksveg. De kommunene som har riksveg, kan få statlige programmidler, de som ikke har, kan ikke få.
Det betyr i praksis at der i mange tilfeller ikke er noen medvirkning overhode til prosjekt i kommuner uten riksvei. Disse kommunene og områdene bes da i mange tilfeller å stille seg bak en bompengefinansiering der det ikke er noen annen medvirkning enn deler av bompengene. Dette gjør at insentivet for å delta og medvirke i byvekstavtalen i disse kommunene/områdene er svært lite eller ikke til stede i det hele tatt.
I mange tilfeller er det også fornuftige gang- og sykkelinvesteringer som går utenom eller mellom veier med forskjellige veiere. En for rigid tilnærming til bruken av disse midlene kan hindre at fornuftige prosjekter blir realisert.
Dette kan bidra til å gjøre det vanskeligere å oppnå målsetningene i byvekstavtalene.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa har valt å auke bidraga til dei store byområda for å setje dei betre i stand til å løyse utfordringane i transportsektoren knytt til klimagassutslepp, lokal miljøforureining og dårleg framkome. Arealplanlegging er óg eit viktig tema i denne samanheng. Med dette som utgangspunkt inngår staten avtalar med dei lokale styresmaktene i byområda der ein blir samde om korleis desse utfordringane skal løysast.
Med den omfattande satsinga på kollektivtransport, sykling og gange ønskjer staten å bidra til at vi når nullvekstmålet for persontransport med bil i byområda. Det skal bli enklare å velje klima- og miljøvenlege alternativ, og effektive transportløysingar skal sørgje for at folk, varer og gods kjem raskt fram.
I dei fire største byområda vil staten dekkje inntil 50 prosent av kostnadene ved fem store kollektivprosjekt som ein del av avtalane. Som stortingsrepresentant Nilsen påpeiker, er dette fylkeskommunal/kommunal infrastruktur. Fylkeskommunal og kommunal infrastruktur skal som kjent i utgangspunktet finansierast av fylkeskommunen/ kommunane. Det statlege 50/50-tilskotet vil derfor bidra til eit stort løft for den lokale kollektivtransporten i dei største byområda. I Bergen dekkjer staten halvparten av kostnadene for Bybanen til Fyllingsdalen med eit tilskot på nærare 3,5 mrd. kr.
I byvekstavtalane bidreg staten også med midlar til kollektivtransport-, sykkel- og gangetiltak langs riksvegane og til stasjons- og knutepunktutvikling langs jernbanen. Dette blir ofte omtalt som "programområdemidlar". I tillegg bidreg staten med belønningsmidlar, som dei lokale partane kan prioritere til fylkeskommunale og kommunale tiltak og oppgåver.
Utgangspunktet for byvekstavtalane er eit spleiselag der alle forvaltingsnivåa bidreg innanfor ansvarsområda sine, og i fellesskap skal bidra til løysingar gjennom mellom anna finansiering av tiltak som dei sjølv har ansvar for. Gjennom avtalane skal partane på denne måten samordne virkemidla og tiltaka sine for å nå eit felles mål. I tråd med dette tek staten ansvar for å leggje til rette for kollektivtransport, sykling og gange langs riksvegane og stasjons- og knutepunktutvikling langs jernbanen. I tillegg bidreg staten til eit stort løft innanfor dei fylkeskommunale og kommunale ansvarsområda med tilskot gjennom 50/50-midlane og belønningsmidlane.
I denne samanhengen er programområdemidlane berre ei av fleire kjelder til finansiering i byvekstavtalane. I tråd med Nasjonal transportplan 2018-2029 er desse midlane øyremerkt tiltak langs riksvegane. Det er derfor riktig at programområdemidlane ikkje kan brukast på fylkesvegnettet i Askøy.
Men dei lokale styresmaktene kan i utgangspunktet sjølve prioritere belønningsmidlane slik dei ønskjer under føresetnad av at bruken byggjer opp under målet om nullvekst i persontransport med bil. Belønningsmidlar kan brukast i Askøy kommune dersom dei lokale partane ønskjer det. Staten har lagt fram eit godt tilbod der belønningsmidlane blir auka frå eit årleg gjennomsnitt på 200 mill. kr i gjeldande avtale til 280 mill. kr i ny avtale. Samla sett ligg det no om lag 3,4 mrd. kr i belønningsmidlar i tilbodet frå staten.
Alle kommunane som blir med i ein byvekstavtale, skal oppleve at dei får noko igjen for å delta. Eg meiner derfor at det er uheldig for forhandlingane at partane ikkje ser ut til å vurdere dei ulike finansieringskjeldene i samanheng, og slik sett deler midlar seg imellom på ein måte som gjer at alle partar kan bli nøgde. Dette er det rom for innanfor dei midlane det blir forhandla om. Eit viktig formål med forhandlingane er nettopp å sjå finansiering og tiltak i samanheng. Eg vil også minne om og understreke at det er omfattande økonomiske rammer som blir stilt til disposisjon frå staten si side i dette arbeidet, og at dette kjem i tillegg til kommunesektoren sine inntekter gjennom rammetilskotet. Det vil med andre ord vere fritt for lokale og fylkeskommunale myndigheiter å auke sine lokale bidrag for å løyse utfordringane i infrastrukturen som dei sjølve er ansvarlege for. Dette kan være eit godt supplement til dei store bidraga staten gir for å løyse viktige utfordringar i byområda.